- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
137

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

137

kjeppane, skjeljane og furekonglane tenkja og tala ? Til
det må ein svara både nei og ja. Barnet går ofte so
heilt upp i dei fyrestellingar det lagar seg, at det reint
gløymer at dei røynlege ting er so heilt annarleis. Me
kann og ofte sjå at barnet har det ikkje med å løyna
kva det tenkjer, um so tankane kann vera aldri so under*
lege. Det segjer beint ut at no er det sjølv ein bjørn eller
ein hund eller ein indianar eller ein konge eller mama.
Det er so heilt naturleg for barnet å tala so som det gjer,
at ingen vil tykkja det gjer seg skuldig i ei tilgjersle som
skjemmer. Kor heilt annarleis tek det seg ikkje ut når
me vaksne skal freista tala og stella med dokkene soleis
som barnet gjer. Vår tale og åtferd vantar det naturlege
ynde som strålar ut frå barnet når det spelar sine eigne
fantasistykke. I dei stunder er det fantasifyrestellingane
som har teke barnet so heilt og fullt, at det gløymer at
det står nokre kaldkloke vaksne og ser på kanskje, og
at dei slett ikkje ser og høyrer og kjenner den mengd av
levande skapningar barnet no er kome saman med.

Men barnet har no og litegrand av dei vaksne sitt lag
til å halda seg til det verkelege, til det ein kann gripa
med sansane. Det kann ein og sjå døme på midt i
villaste fantasileiken. Dersom dei vaksne talar til barnet
i ei slik stund og liksom minner det um kva det i røynda
er det har å stella med, so er det som barnet stundom
skulde skjemmast over sitt eige barnespel. Det kann verke*
leg stå som handfalle og ikkje vita rett kva det skal
segja. Det skynar at det er visst «toskut» det som det har
sagt og gjort. Ja so kann det taka seg ut stundom. Men
ofte svarar og barnet endefram : me berre leikar «skule»,
eller «handel» eller kva det no kann vera det har gjeve
ei framsyning av. Og straks tek det til att med sitt,
og let oss vaksne stå der med vår kaldkloke visdom og
kritikk.

Barnet fantaserar etter mønster, har me sagt. Og det
er og sant. Men det vil no ikkje segja det at barnet aldri
skulde leggja til noko av sitt eige. Det hender verkeleg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free