- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
144

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien - 13. Etteraping og suggestion

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

144

vokster. Når eg tek undan uppsedinga av viljen, kjenner
eg inga viktugare uppgåve.» Eg tenkjer kvar ålvorleg
far og mor og lærar vil sanna desse orda.

Ein kann og driva metodiske øvingar som tek sikte
på å få barnet til å fantasera vitugt. — Å gjeva barnet ei
tekst der fleire ord er burte, og so lata det fylla henne ut med
høvelege ord, kann vera ein måte. Likeins å lata barnet
ordna ei rekkje med ord som ikkje fyreåt står i nokon
logisk samanheng, soleis at dei gjev god meining. — Ein
kann og fortelja barnet ei dramatisk forteljing so langt at
det er kome i spaning, og so lata barnet halda fram med
ei slutning, anten med det same eller når det har fått
tenkt seg um, t. d. næste kveld.

Å syna eit barn eit høveleg bilete, og so lata det tolka
biletet eller laga tekst til det, kann vera ei god øving.
{Me hugsar A. Kiellands meisterlege tekst: Visne Blade.)
Forteljande og skildrande stilar er i det heile framifrå
øvingar nettupp når det gjeld å få fantasien til å arbeida.
— Kroppsleg arbeid kann og vera soleis at det driv barnet
til å fantasera so det er meining i det. Og fleire slag
leikar — ymse FrøbeMeikar t. d. — har og mykje same
formål.

I det heile: ein fantasirik uppsedar vil nok kunna
finna høvelege øvingar. Og det er eit arbeid han ikkje
kann taka likesælt, dersom han er eit ålvorleg menneske.

13. Etteraping og suggestion.

Ein av dei merkelegaste ting i det menneskelege sj ele*
liv er det, at me har slikt lag til å taka etter kvarandre,
å etterapa kvarandre. Høyrer A at B murrar på ein
tone, so tek A sjølv til å murra med. Tek A upp
lummekluten sin og turkar seg over panna medan B ser
på, so får B snart fat i sin lummeklut og gjer det same

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free