- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
148

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13. Etteraping og suggestion

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

148

i vondt og godt. Barnet er den spegel som speglar dei
vaksne att i tale og åtferd, i smått og i stort. Barnet er
både fotograf* og fonografapparat som »tek« deg i augne*
blinken. Og so kjem du i kinematografen eller i gramo*
fonen i ditt eige hus og din eigen heim rett som det er.
Men det kann nok vera du ikkje kjenner deg att. Eller
du tenkjer ikkje på at det er deg sjølv du ser og høyrer
når det 12 år gamle barnet ditt sputtar på golvet, røykjer,
bannar, brukar uvyrdsleg tale, er uærleg og useda både i
ord og i åtferd.

Gjenom etteraping får barnet soleis visse leveformer,
visse måtar å leva livet på. Samlivet millom menneska
vil vanleg halda seg noko på same måten i lange tider.
Det kann no ha ymse grunnar. Men ein av dei, og i sume
ting den viktugaste, er den at den unge utan vidare tek
etter dei eldre og steller seg som dei. Det vert visse vanar
som kjem inn: so skal det vera. Og spør ein so kvifor
det nett skal vera soleis, ja so vert svaret: dei har gjort
so fyrr. Det menneskelege samfundsliv vert eit etterapings*
liv, eit hermeliv. Difor skriv og ein fransmann som i nyare
tid har granska hermingsproblemet: La société c’est 1’imi*
tation: samfund er etteraping;.

No segjer det seg sjølv at det på mange måtar er eit
stort gode det, at barnet av seg sjølv tek etter dei vaksne.
Tenk um ikkje det var soleis, for eit arbeid vilde det ikkje
då kosta å få eit barn til å verta eit åndeleg vakse og
arbeidsført menneske! Barnet lærer no av eiga drift det
meste. Læraren eller uppsedaren treng berre um å hjelpa
til å rettleia av og til, når barnet ikkje greier å »herma«
som det skulde. Ein bør difor ikkje klaga over at barnet
tek etter dei vaksne. Men me vaksne bør alltid hugsa at
me kvar tid og stund lærer frå oss til dei unge som me
lever saman med.

Dei vanar barnet får gjenom etteraping, har som me
skynar, ikkje sitt upphav i at barnet har tenkt sjølvstendig.
Barnet arbeider kritikklaust. Ein kann nok segja det får
meiningar og synsmåtar gjenom denne herminga. For gjer

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0150.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free