- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
149

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13. Etteraping og suggestion

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

149

ein eit visst arbeid ofte og på same måten alltid, so ska*
per det noko etter kvart ei meining um at dette arbei*
det er noko ein bør og må gjera. Og det må gjerast på
den gamle måten. Men med etteraping eller herming ten*
kjer ein helst ikkje på meiningar eller tankar. Ein tenkjer
helst på det ytre arbeid, kroppsarbeidet, eller i det heile
på det arbeidet som kann sansast. Som me har set, er
det og so, at det er ikkje eit medvitande vedtak eller ei
viljeavgjersle som har sett det ytre arbeidet i gan g. I so
måte er etteraparen so å segja passiv.

Det er då og ein sjølvsagd ting at etteraping fører
ikkje til at det reint sermennelege, det individuelle, kiem
fram. Tvertum. Og at uppsedaren må sjå få barnet til
å verta noko meir enn berre ein tankelaus hermar, det er
vel alle samde um. Det er ei vedkjømeleg, ei sorgsam og
sår klage som er målbori i dei kjende orda: me er fødde
som originalar, men døyr som kopiar. No, lat oss ikkje
tru for mykje på dette um dei »fødde originalar« heller.
So tydeleg og sterk er ikkje denne originaliteten i dei
allerfleste tilfelle. Men at sume, ja kanskje og mange, har
fått individuelle givnader som kann vera — og endå meir
verta — det naturlege grunnlaget for ein sermerkt person*
legdom, det er tvillaust. Og dei bør so visst ikkje verta
til berre etterprent eller kopiar. Det er og ei sanning
uppsedaren ikkje må gløyma.

Nær etteraping står suggestion. Ofte vert desse nemne
nytta um kvarandre. Men det er ikkje rett. For sugge*
stion kjem ofte fram i ymse tilfelle då me ikkje kann tala
um etteraping. Og desse tilfelle er ofte av dei som ein
rett som det er, får å gjera med nett i upplærings* og upp*
sedingsarbeidet.

Suggestionen gjeld fyrst og fremst tankane, meinin*
gane, synsmåtane våre. Desse tankane eller meiningane
som kjem inn gjenom suggestion, kann ofte føra til kropps*
leg arbeid. Men det tarv ikkje vera so alltid. Suggestio*
nen vil difor ikkje alltid syna seg for andre soleis som
herminga gjer.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0151.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free