- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
150

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13. Etteraping og suggestion

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

150

Frå soga kjenner me mange forteljingar um kva sug*
gestionen kann gjera. Soga um krossferdene har ei
endelaus rekkje med slike tilfelle. Då den store folkehopen
høyrde: »Gud vil det«, og den eine etter den andre tok
ropet uppatt, so var snart den største tvilar viss og trygg
på at Jødeland skulde dei kristne vinna att. For Gud
vilde det, det var ikkje tvil um det. — Lansen som skulde
vera funnen under kyrkja i Antiokia, gjorde underverk.
Den modlause og utsvoltne heren greidde det utenkjelege.
Kvar og ein visste so sikkert at krossfararheren skulde
bryta seg ut. — Jeanne d’Arc er eit nytt døme. Hennar
sigervisse gjorde dei andre sigervisse og sigrande.

Dei store herførarar har alle havt ovleg sterk sugge*
rerande makt. Ja jamvel eit namn kann ha havt ein under*
leg verknad: Napoleon III vart president og tilsist keisar
i Frankrike, visseleg fyrst og fremst av di namnet hans
hadde slik god klang for fransmennene; og Carnot vart
president sikkert og av di han bar eit namn med ein slik
minneglans kring. — Og kva makt har ikkje sume songar
havt i ei lagnadstung stund. Eller herrop i eit slag og
»slagord« i ein valstrid. Og reklamering i avisene har
noko av same verknad.

I alle slike tilfelle vert det skapt ei viss meining, ein
viss synsmåte, ein viss dom. Men meiningane er ikkje
bygde på personleg overtyding. Størsteparten har ikkje
tenkt det minste over spursmålet eller granska det soleis
at det har vore råd for dei å få ei meining som er bygd
på grunnar. Men det merkelege er lel, at dei trur, at dei
ikkje har lånt meiningane. Dei trur at det er gjenom eiga
røynsle og overtyding dei har fått synsmåtane sine. Og
den tru lever dei i kanskje heile si tid.

Det er serleg folk som har lag til å få sterke kjensler,
og som ikkje brukar å granska ei sak frå so mange sider
fyrr dei får ei meining, det er helst slike som er lette til
å verta suggererte. Og då er det rimeleg at suggestionen
har mykje å segja hjå born. Det er og tilfellet. I upp*
sedingsarbeidet syner det seg på mange måtar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free