- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
153

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13. Etteraping og suggestion

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

153

Ja når vaksne og kunnskapsrike folk kann låta seg
narra soleis, so skal ein ikkje undrast på at born kann
gjera det. Og difor bør ein og taka seg mest i vare med
born. Dei er snarast å vill*leia.

Suggestive spursmål er noko læraren må vera ovleg
varsam med, dersom svara har noko serleg på seg. Kor
ofte har ikkje born fortalt både mangt og mykje um seg
sjølv og um andre kanskje, berre av di læraren har spurt
soleis at spursmålet peika i ei viss lei. Her er det ikkje
berre ortla som vert sagde, som gjer so mykje. Måten han
spør på, tonelaget, andletsuttrykket o. m. har ofte meir å
segja. Alt verkar på barnet. Læraren har nok ikkje beint
fram bede barnet fara med usanning; langtifrå. Men lel
kunde det nok verta sagt som det står i eventyret: Du
tala som ein mann, men peika som ein skjelm. Og barnet
har umedvitande kome til å segja ei usanning. Når det
gjeld vitneutsegner som barnet vert kravt etter um det som
gjeld kameratar (ja ikkje minst då), so er det ofte lite å
byggja på det som vert sagt. Og di yngre barnet er, di
meir ligg det under for suggerering. Serleg mottakeleg
er barnet fyre sjuårsalderen. Men seinare og let det seg
påverka mykje meir enn me tenkjer på eller veit um. —
Vanleg minkar suggestionsverknaden frå 7 til 15*årsalderen,
ser det ut til. — Lite evnerike born er alltid lettast å sugge*
rera. Sangvinske og impulsive let seg og lettare påverka
enn rolege og flegmatiske; likeins gjentene meir enn gu*
tane. Um utsegner av born er i det heile å segja det,
at dei er mest å lita på når barnet ikkje veit at svaret
gjeld noko sers. Men vert barnet teke i høgtideleg for*
høyr, då er det ovleg lite å retta seg etter det det segjer.
Det jagar seg då ofte upp til både å segja og tru det
utrulege.

Ein merkeleg ting er det, at stundom kann det gå so,
at ein ikkje kann halda seg frå å gjera nett det ein på
ingen måte vil gjera. — Ein syklist som ser ein lei stein
eller nokre glasbetar burte på vegen, og tenkjer med seg
sjølv at han endeleg må sjå køyra til sides for denne stygge*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free