- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
158

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

158

ikkje vil vera i eit myrkt rom åleine. Myrkeredsla kann
born ha um dei ikkje har vore skræmde. — Ein må soleis
segja at otte eller redsle i den fyrste tid er reint instinktiv.
— Seinare kann barnet koma til å skyna at det ofte har
grunn til å ottast og reddast. Då vil redsla vera intellek*
tuel. Sjølvsagt kann då og barnet otta grunnlaust. Men
årsaka er lel ei verkeleg fyrestelling eller ein tanke. Det er
vel ikkje tilfellet i den fyrste tid.

Etterrøknader har vist at born er meir ottefulle enn
ein kanskje skulde tru. Redsla eller otten finn ein som
sagt sers tidleg hjå born. Men berre med den kjenn*
skap me endå har til barnet sitt sjeleliv, er det ikkje råd
å segja um borna fyre sjuårsalderen brukar å verta meir
eller mindre ottefulle etter kvart dei vert eldre. Frå 7—15*
årsalderen er det tydeleg å sjå at gutane har meir og meir
lett for å verta redde di eldre dei vert. Etter den tid vert
eit slikt tilstand sjeldnare og sjeldnare. — Hjå gjentene er
redsla eller otten mykje oftare å merka enn hjå gutane i
alle aldrar. Men aller mest i 15—18*årsalderen.

Glede kann ein og sjå merke på hjå barnet sers tid*
leg. Dr. Lay fortel at den eine guten hans smilte då han
var 24 dagar gamal. Og den smilen er han viss på var
eit »åndeleg uttrykk«, segjer han. Guten som nett var
vaska og var mett, smilte då faren tok klokka si og let ho
dingla att og fram so guten såg på. Då han var 2 måna*
der gamal, var det ofte han smilte når nokon tok til å
spela på pianoet. Fem månader gamal lo han ein gong
då han høyrde mor si læ, endå han ikkje såg henne.

Eg har fyrr nemnt at ein må vera varsam med å draga
slutningar frå minespelet. Det er ikkje alle andletsdrag
som er »uttrykksrørsler«. Det er ofte at rørsler med lip*
pene, slike som fylgjer smil, er berre refleksrørsler. Det
er sikkert tilfelle med smil hjå småborn når dei søv.

Ein annan ting er og å merka seg med slike rørsler.
Dei er so ofte etterlikningsrørsler. Me har i ein annan

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free