- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
165

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

165

neske som kann greia å setja sin vilje igjenom når det knip.
Den tryggleikskjensla som eit barn har når det vert styrt av
ei slik pedagoghand, ho er mykje sterkare enn den kjær*
leiken ein so gjerne vil tru skal vera hjå barnet når ein er
»god« med det. Det er i dette stykket som so ofte i livet:
ein må rekna med det som er, og ikkje med det ein kanskje
kunde ynskja. Me lyt sjå sanninga i augo jamvel um
ho sårar oss.

No vilde det vera urett å meina at alle born er so
hjartelause. Den lista som er prenta framanfor, syner og det
at medkjensler slett ikkje er so sjeldne hjå born. Det
vil visseleg og alle uppsedarar som har havt med noko
mange born å gjera, ha havt høve til å røyna. Det er
stundom ein kann sjå at eit barn vert so teke av ei for*
teljing at det tek til å gråta. Og at det kann verta so hop*
pande glad at det mest ikkje kann sitja i ro, når det
høyrer at det går retteleg godt med den det vert fortalt
um, det veit me og. Men hjå born frå 9 år og utover til
13 —14*årsalderen er det vel ikkje so sers ofte etter måten
å sjå døme på slikt.

Naturkjensla er og lite sterk hjå born. Dei likar
seg vel betre ute i den frie natur enn inne i ei skulestove,
det er nok so. Dei er og tidigare i klårver og solskin,
enn når det er tjukt og myrkt ver. Men i dette tilfelle
er det vel so, at den friske lufta og solskinet er meir
styrkjande og velgjerande for kroppen enn skulestovelufta
og myrkveret. Lekamskjensla vert meir ei lystkjensle i det
eine enn i det andre tilfellet. Men denne kjensla har ikkje
noko av estetisk naturkjensle i seg. — Barnet har lite sans
for naturfagerdom, eller for det storfelte og hugtakande.
Ikkje anten det blide og yndefulle eller det ville og mek*
tuge vekkjer nokor sterk kjensle som barnet veit um og
legg merke til. Her syner det seg elles nokon skilnad på
born etter det dei ser og høyrer for seg. Dei born som
får halda seg mykje ute, og som vert hjelpte til å leggja
merke til det dei ser — dei vert t. d. leidde til å leggja
merke til blomane, skogliene, fossen, solargladet, stjerne*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0167.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free