- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
166

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

166

himmelen — dei kann og verkeleg uppleva naturkjensler.
Men av seg sjølv har barnet altfor mykje lag til å gå
blindt gjenom livet. Natura er den store leikeplassen for
barnet. Her kann det få stella seg meir fritt og vera
meir sin eigen herre enn inne i stova saman med dei
vaksne. Difor likar barnet seg so mykje betre ute enn
inne. Men det vert ikkje teke av naturvenleiken. Undan*
tak treffer ein nok. Me har vel alle lese det Bjørnson
fortel um seg då han kom til Romsdalen og fekk heimen
sin på Nessets prestegard. »Her på Nessets prestegård
hvor jeg kunde stå om kvelden og se på solspillet over
fjell og fjord til jeg gråt som om jeg hadde gjort noget
vondt, — og hvor jeg på mine ski nede i en eller annen
dal plutselig kunde stanse som trollbunden av en skjønhet,
av en lengsel som jeg ikke maktede å klare, men som
var så stor, at jeg ovenpå den høieste glede følte den
dypeste innestengelse og sorg, — her på Nessets preste*
gård vokste mine inntrykk,« skriv Bjørnson. Han var 6
år gamal då han kom til Romsdalen. Og um me no
tenkjer oss at denne skildringa er bygd på minne frå
nokre år seinare — han nemner i so måte ikkje nokor
viss tid — lat oss segja 8—ll*årsalderen, so er dette like*
vel eit vitnemål um at han var ein gut som var mykje
fyre sin alder. Men Bjørnson si sjølvskildring viser, at det
finst då born som verkeleg kann verta sterkt gripne av
stordomen og venleiken i natura. Den danske skule* og
bokmannen Vilhelm Rasmussen skriv i ei bok um »Natur*
studiet i Skolen« nokre ord som eg må nemna i denne
samanheng: »Primitiv naturfølelse findes allerede hos
børn. En enkelt gang har jeg set den ytre sig sterkt hos
en 12*årig dreng. Skjønt han ellers var lidet energisk,
navnlig til legemlige sysler, kravlede han op på en høi
klippe og sad der længe og stirrede ud over havet. Natu*
ren havde taget ham.« Som me ser, er her og eit vitne*
mål som peikar i same lei som Bjørnsons. Men Rasmus*
sen meiner visseleg at det er sjeldan å treffa born med
sterk naturkjensle. Og det er sikkert det rette. Undan*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free