- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
168

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

168

ein vera viss um sløyfa vert ikkje gløymd. Ho er noko
av det viktugaste). Stakk kann ein og sjå eit slag tanke
um. — Røyk som stig upp or skorsteinspipa, vert teikna
som bogne strek eller ringar. Men ei dør vert aldri teikna
som ein ring. — Ymse ting på barneteikningane tyder
soleis på, at barnet ikkje kann vera heilt utan tanke um
at teikningane skal likna tingen. Men tanke um anna enn
berre ein rå eller grov likskap ser ein i alle fall ikkje
noko til på småborns*teikningane.

Når små*born teiknar som dei gjer, so er sjølvsagt
grunnen og noko den, at dei greier ikkje å føra handa
likare. Det lyt ein og hugsa på. Ein må difor ikkje
leggja formykje i dei lyte som barneteikningane har heller.
Men so mykje kann ein trygt segja: noko slag kunstverd*
setjing finn ein aldri noko av hjå det vesle barnet.

Barnet er symbolist, har det vore sagt. Og i ymse
ting er det sant. Det er assosierte fyrestellingar som gjev
teikninga verd for barnet, ikkje sanseinntrykket. Barnet
ser nokre strek og tenkjer på far eller mor eller Passop
som streka er symbol for. Og so er det fyrestellingane
um mor, far eller Passop som gjev biletet verd ; ikkje anten
biletet er godt eller dårleg når ein ser på det som bilete.
— Dette gjer at eit bilete er verdlaust for barnet dersom
det ikkje har fyrestellingar som det kann knyta til. Eit
slikt bilete bryr ikkje barnet seg noko um, kor godt biletet
enn er som kunstverk etter dei vaksne sitt skyn. Dette
må me hugsa på um me skal skyna barnet sine meiningar
eller domar um ymse slag bilete.1

1 Mange vaksne er i mange ting ikkje stort likare enn born når det
spørst um å lika eller mislika eit kunstverk. Domen deira kjem
sers ofte til å verta farga av dei religiøse og politiske meiningar
som dei har. Dr. Müller fortel at han synte nokre bilete til nokre
fabrikkarbeidarar i Bielefeld, og bad dei segja kva for eit dei likte
best. Umlag alle valde eit der det var synt fram ein mann som
skulde reisa frå fedrelandet sitt. Då so Müller spurde kvifor dei
tykte det biletet var best, so fekk han til svar frå mange : »Mannen
er eit offer for den moderne kapitalisme«. Sume sa: Det er ein
streikande arbeidar som er fordriven frå fedrelandet sitt. (»Der

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0170.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free