- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
170

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born - Religiøst sjeleliv og religiøse kjensler hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

170

estetiske kjensler når dei ser bilete. Men i dette tilfelle
og er det um å gjera at evna vert teki i bruk, skal det
verta til noko. Difor gjeld det at dei fag som kann tena
til å fremda den estetiske kjensla, vert nytta. Det bør
skulen og lærarane hugsa på serleg dei siste åra barnet
går på skulen.

Fr. Lichtenberg har granska korleis det er med den
estetiske kjensla hjå born når dei høyrer musikk. Me
har fyrr nemnt at jamvel for musikalske born har takt
eller rytme meir å segja enn melodien, ser det ut til.1
Det fann Lichtenberg og. Men dei små borna vil helst
blanda desse tvo slag inntrykk saman. Jamvel 6*8*åringar
gjer sjeldan stor skilnad. Fyrst hjå 9*åringar finn ein
at dei held desse tvo slag musikkinntrykk og musikkverk*
nader noko greitt ut frå kvarandre. Men hjå born har
rytmen alltid meir kjensle verknad enn melodien, segjer
Lichtenberg. Han fann og at born hugsar mykje betre
rytmen enn tonen.

Religiøst sjeleliv og religiøse kjensler hjå born. Det
Kar som me veit, vore ymse meiningar um anten me men*
neske er fødde med noko slag fyrestelling eller ikkje. Sume
har meint at t. d. fyrestelling um ein gud var noko som
høyrde menneskesjela til frå det fyrste. Andre nektar det.
Denne striden skal me ikkje koma inn på her. Trulegast
er det vel at barnet ikkje har nokor fyrestelling eller nokon
tanke um nokon ting frå det fyrste. Dei fyrestellingar

1 Det er ikkje alle menneske som har sans for rytme. Det er t. d.
sume som det er rådlaust å få til å banka med ein liten hamar
i takt med andre. Sume er det rådlaust å få til å marsjera

i takt. Dei kann aldri gå i takt etter militærmusikk t. d. Soleis
er det med sume soldatar. Slike menneske er uskikka til alt
rytmisk arbeid. Meumann segjer difor, at forutan dei andre
sansar må me tala um ein rytmisk sans, som soleis sume men*
neske ikkje har fått stort av. Gymnastikklærarar, og likeins læra*
rar i song og skriving (serleg um dei driv taktskriving mykje)
må passa seg med slike born so dei ikkje er urettvise med dei.
Det kann godt verta teke for vondskap og likesæle, det som er
ein naturfeil dei ikkje kann hjelpa noko for.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free