- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
175

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

175

å få greie på kva tid i menneskelivet dei religiøse
gjenom-brot helst går for seg. Eg kann ikkje fortelja her um
korleis han har funne ut dei svar eg skal nemna. Men
dei er so forvitnelege at eg vil ta dei med. —

Dei religiøse gjenombrot som ein ofte kallar umven*
ding, går umlag alltid eller i alle fall oftast for seg i
alderen 10—25 år. Helst kann ein segja eit slikt gjenom*
brot høyrer overgangsalderen og den fyrste ungdomstida
til (frå 13 til 20*årsalderen). For kvinnene er det serleg
det 13., 16. og 18. året som er gjenombrotsår i Amerika,
segjer Starbuck. For mennene det 12., 16. og 19. året. —
Det syner seg her og det som eg fleire gonger har nemnt,
at det er visse tider då det menneskelege sjeleliv i serleg
mun er lagleg, er disponert, for ymse sjelsrørsler. Og at
dei religiøse gjæringstider serleg høyrer 12—20*årsalderen
til, det er tvillaust. — Starbucks svar er stadfest i det store
og heile av ein annan amerikanar og. Coe har soleis og
funne at 17— 18*årsalderen er den serleg religiøse krisetid.
Det same skriv og dansken Skovgaard*Petersen i »Ungdom*
mens Bog«: »Alle aandelige ledere er enige om at de
fleste omvendelser og trosgjennembrud finder sted mellem
det 12. og det 20. aar, og at særlig det 17. aaret er et
knudepunkt.« — Den store religiøse talar Fay Mills bad
ein gong på eit stort møte alle dei som var »umvende«
fyrr 20*årsalderen, å reisa seg. Det skulde reisa seg 1100.
So bad han dei som var umvende i alderen 20—30 år,
å reisa seg. Det reiste seg 180. So heldt han på: 30—40
år, det reiste seg 35, 40-50 år, 15, 50-60, 8. - Ei slik
uppteljing og på ein slik måte skal ein ikkje taka for meir
enn ho er. Jamvel i Amerika tykte vel mange at dette
var for amerikansk. Men at desse tala peikar på ein
verkeleg røyndom er tvillaust, um ein no ikkje må taka
dei som innbyrdes mæletal.

Harald Høffding, og andre psykologar og, deler dei
ymse menneske i tvo flokkar: dei einfødde, og dei tve*
fødde. Dei tvefødde har ei åndeleg krisetid ein gong i
sitt liv, då det vert liksom eit brot, so deira liv kjem til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free