- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
181

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

181

syna sitt velnøgje, (eller misnøgje um det er grunn til
det) ja det er eit spursmål som det pedagogiske skyn
må avgjera for kvart einskilt tilfelle. Men det må ein
aldri gløyma, at ærekjensla er ei sterk makt hjå barnet
og. Og ho må verta uppseda og teki i bruk med stor
varsemd.

Nær samanknytt med ærekjensla er sjølvkjensla. Sjølv*
kjensla vår har grunnlaget sitt i den tanken, at det hjå oss
er noko som er so stort og verdfullt at me skal verna um
det. Og me har rett til å krevja at andre og skal gjeva
oss rom og rett til å få vera til og leva livet på ein slik
måte at me ikkje vert tynte eller tek skade. — Meir eller
mindre sterk er ei slik kjensle til stades i kvart menneske,
små som store, anten ein er fullt og heilt medvitande um
henne eller ikkje. Barnet har ikkje nokon klår tanke um
dette, so som me vaksne kann ha. Men sjølvupphalds*
trongen og livsviljen som finst i kvart eit barn like visst
som hjå dei vaksne, har i sitt fylgje ei sjølvkjensle som
kjem fram på mange måtar hjå barnet. Um barnet kjen*
ner seg veikt og hjelpelaust, so kjenner det seg lel som
ein personlegdom som har lov å yera til og som har krav
på å ikkje verta krenkt eller vanvyrd. Det er dette me
vaksne endeleg må hugsa på, når me brukar makta vår
til å visa at me er herrar. Det kann me nok verta nøydde
til å gjera stundom. Men det må ikkje gå for seg soleis,
at barnet må kjenna det som um me vilde nytta høvet til
å gjera bruk av barnet si vanmakt. Let me barnet få
grunn til den meining, at det er ingen ting for oss, me
vyrder det ikkje det minste, so står barnet att med ei
krenkt sjølvkjensle. Det kjenner ein svidande urett som
det kann gå lange tider fyrr det gløymer. Ja kanskje får
det eit sårt minne for heile livet.

No er det langtfrå at alle born er like nærtakande.
Men det er ofte at det er nettupp dei beste born — og dei
gløggaste — som vil kjenna ei krenkjing sterkast.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0183.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free