- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
183

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

183

par. Og desse reidskapane må då vera soleis, at dei er
tenlege til det arbeidet eg skal nytta dei til. Men då må
dei ha dei eigenskapar som gjer dei tenlege.

Når eg skal gjera eit sjeleleg arbeid, å hugsa t. d., so
må eg vel tenkja at det må vera noko ikkje berre kropps*
leg men og sjeleleg som gjer det mogleg for meg å få
arbeidet til. Og um dette »noko« brukar me og ofte
ordet evne. — Når me nyttar ordet på den måten, so gjev
me det eit metafysisk innhald. Kva dette »noko« er, det
veit me ingen ting um. Me veit ikkje kva eller korleis
sjela er, og kann visst aldri få vita det. Me veit berre
um verksemder og tilstand, ikkje um kva det er som arbei*
der eller får arbeidet til, eller kva eller korleis det er det
som upplever det sjeletilstand me er medvitande um.

Dei sjelelege verksemder er og so mangslungne, jam*
vel dei som ser ut til å vera mest einfelde. Me kann vel
difor aldri tenkja at ei verksemd skriv seg frå eller har
sin grunn i berre ein viss eigenskap. Um me tenkjer at
det må vera »noko« som gjer at eit menneske kann hugsa
betre enn eit anna, so er det for det fyrste rådlaust å vita
kva dette »noko« er; og dinæst er det vel og visst, at det
ikkje er berre ein ting som valdar skilnaden. Her grip
det truleg so mange ting inn i kvarandre, og heile tilgan*
gen er so mangslungen, at det er vel misvisande å tala um
ei evne som den einaste årsak.

Ei tid var det vanleg i psykologien å tala um evner
på same måten som me i kjemi talar um grunnto og eigen*
skapar. Og eit visst arbeid vart då tenkt å stå i årsaks*
samanheng med ei av desse evnene. Det gjer me ikkje
no. No ser me i eit sjeleleg arbeid eit resultat av mange
samverkande årsaker. Men å greia ut anten um desse
årsakene kvar for seg, eller um samverknadsmåten, det kann
ikkje vitskapen.

Knapt noko sjeleleg arbeid er so samansett og mang*
slunge som det me tenkjer oss at vitet eller skynet har å
gjera med. Vitet, skynet eller intelligensen som me ofte
segjer med eit framandt ord, heng vel i røynda noko saman

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0185.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free