- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
187

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

187

sorg eller glede, det er det dei helst kjem til å tenkja på når
dei høyrer um noko som har hendt andre menneske. Og
i deira eige liv har og velvilje og uvilje, medhug og mot*
hug so ovleg mykje å segja. Det er og kjensla slike born
helst vil skildra eller målbera i ord.

Det er tvillaust at det er råd leggja merke til ein slik
skilnad hjå born. Ein kann ofte sjå det, berre ein fortel
eit eventyr eller eit bibelsogestykke for ein klasse. Fleire
born står liksom utanfor sjølv og berre ser på. Ein gut
kann då bita seg merke i dei einskilde ting og hendingar
det vert fortalt um. Og vert han beden um å fortelja det
han hugsar, so reknar han gjerne upp ikkje so få ting.
Men dei vert oftast ikkje sett i nokon samanheng til kvar*
andre. Forteljinga får ikkje nokor meining. Ho har ikkje
noko point, nokon tankeodd. — Ein annan gut har skyna
meininga. Han har fått fat i tanken. Dei einskilde ting
har han set som leder av eit heile. Det vil ikkje segja at
han har fått med nett alt. Det kann godt vera ymse ting
han ikkje hugsar. Men det viktugaste har han gjerne
uppdaga. Likevel er han ikkje det minste teken av dette
personleg. Han gløymer aldri at han er ikkje med sjølv,
han har alt sitt velberga. — Ein tredje gut er det mykje
annarleis med. Han har nok og skyna meininga so på
ein måte i alle fall. Men det er ikkje dette som sermerkjer
sjeletilstandet hans so sterkt i denne stunda. Det merke*
lege er at han har vorte so sterkt teken sjølv av det han
har høyrt. Han sit kanskje med tårer i augo og er mest
ferdig å setja i å gråta. Eller han gildar seg og lær som
skulde han sjølv ha fått ei stor gåve.

Ein kann vel segja at dei born som berre får tak på
dei einskilde ting og hendingar, men ikkje når fram til
eit heilskapsbilete, dei born står ikkje sers høgt i intelli=
gens. Dei er ikkje langt komne i so måte endå. Dei har
og tvillaust mykje åndeleg likskap med dei som Binet
kallar uppreknarar. Men um dei andre kann ein ikkje
segja at det er større eller mindre vit som gjer skilna*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free