- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
189

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

189

me vaksne hugsa på når me ofte held på å missa tålmodet,
av di barnet har slik »fingerklå« at det ikkje kann lata
nokon ting vera i ro, får det berre fat i han.

Denne instinktive forvitenskap er ei drivande kraft
hjå barnet til kring 7*årsalderen, meiner Lehmann. Då
byrjar ei ny tid i barnet sitt intellektuelle liv. Og denne
tida er sermerkt av undring. No tek barnet til å ha ei
medvitande meining med det at det plukkar i småstykke
noko det får i hendene. Det kjenner trong tii å få greie
på kva som er inni ei fyrstikkøskje t. d. Det er ikkje
berre »fingerklå« og tankelaus spyrjehug som driv barnet
no. — No tek og barnet til å stogga litegrand lenger tid når
det har ein ting for seg. Tanken er ikkje so flagrande;
barnet sin åtgaum skifter ikkje midtpunkt so snøgt som
fyrr. I lengre tid er det no sysselsett med same emnet.
Barnet tek til å fylgja medvitande ein viss veg fram mot
eit visst mål. — Det får no og augo upp for, at verda er
rik, og at hendingane er skiftande. Men denne rikdomen
eggjar barnet. Det kann ikkje lata dei ymse ting gå fram*
um seg utan at det må gjera seg kjend med korleis dei
er. Frå kvar ny og ukjend ting kjenner barnet som eit
rop til seg: kom hit, sjå her! Og barnet kjenner seg luk*
keleg i all denne rikdomen. Den yrjande mengd tyngjer
ikkje tanken. At det er ei uløyseleg uppgåve og eit ende*
laust arbeid å læra alt dette å kjenna til botnar, det uroar
ikkje barnet endå. Det eignar til seg på sin måte det
som ligg for hand, og kjenner seg glad når det ser at
det er nok å taka av. Det tøygjer seg gjerne og vil få
tak i so mykje som råd er, men let elles verda sviva som
ho vil, og er utan uro og utan otte for det liv og det
arbeid som ligg framanfor.

Det er det barnet har lært å kjenna gjenom sansane,
det er det som i serleg mun vekkjer åtgaum endå. Difor
er det natura som er den store læreboka for barnet i denne
tid. Og so dei menneske barnet lever saman med, og det
praktiske arbeid dei driv. Det er altsaman noko å undra

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free