- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
193

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

193

gjente som han hadde tykt var den glupaste. Og henne
peika han då ut. Men denne gjenta var i røynda ein
fåming, og vart aldri noko anna heller. Ho var mykje
eldre enn dei andre elevane i klassen, og hadde alt nått
sitt åndelege høgdemål umlag. —

Det er eit liknande mistak som so ofte vert gjort ved
upptakingsprøvene på skulane. Det er kunnskapane som
vert samanlikna. Men jamvel um denne samanlikninga
kunde verta rett (det er vanskeleg å ikkje gjera store
mistak der og), so kann ein lett verta syrgjeleg narra. Det
viktugaste: arbeidsevna og voksterevna, intelligensen eller
kva ein no vil kalla det, den er det vanskeleg, ja ein kunde
segja rådlaust å mæla ved ein eksamen. Ein som kjem
inn på skulen som ein av dei beste, kann um ei tid verta
ein av dei ringaste. Andre går snart framum han. For
dei kann veksa åndeleg so mykje snarare enn han. Kanskje
har han og nått mest middagshøgda si, so han kjem ikkje
stort lenger i åndeleg arbeidsdugleik enn han alt er
komen.

At dei vanlege skuleprøver villreier, so ein ofte ikkje
får den rette meining um den verkelege arbeidsdugleik
hjå dei som vert prøvde, det er vel so altfor visst. Binet
og ein annan fransk psykolog, Simon, har freista stella til
nokre prøver som skulde gjeva eit pålitelegare svar på
kor høgt barnet står i intelligens. Dei prøvde å finna
ut kva vanskar born med vanleg vit greidde i ein viss
alder. .Dei freista då å finna ei rekkje med høvelege
prøver for kvar årsklasse frå 1 — 15 år. Desse prøvene
skulde vera so at det ikkje vart kunnskapane det fyrst og
fremst spurdest um, men arbeidsdugleiken. Ein kunde so
prøva eit barn og finna ut um det greidde dei prøvene som
det burde greia etter sin alder, eller um det i intelligens
var eitt eller tvo eller fleire år fyre eller etter jamaldringar
med vanleg vit.

Dei ymse prøvene som Binet og Simon sette upp for
dei ymse årsklassar, skal eg ikkje nemna noko um her.
Det vilde taka for stort rom. — Mange er lite nøgde med
Nordeide: Frå barn til vaksen. 13

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0195.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free