- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
197

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

197

Binet gjeve. Eg held meg difor i det store og heile
til det.

Det er sume menneske som arbeider med tanken fullt
medvitande heile tida, frå det åndelege arbeidet byrjar
til målet er nått. Ein kann kalla denne inteiligenstype
den medvitne. Den som høyrer til denne flokken, byrjar
arbeidet med å gå ut frå ein viss tanke. Fyrestellingar
som kjem upp, vert prøvde um dei høver logisk til den
tanken som det vert gått ut frå. Og etter det vert fyre*
stellingane haldne fast eller vraka. Her vert med full
medviting knytt tanke til tanke. Ein veit kor langt ein
er komen, og korleis det har gått til at ein står der ein
no er. Ein kann kvila seg og taka til att um ei tid etter
som ein sjølv finn for godt. Og ein tek då alltid til att
der ein slutta. Ikkje noko nytt har kome til i kviletida.
Ein har under arbeidet ei sterk kjensle av at ein får
ikkje noko for inkje. Det må arbeid til. Og ein kjenner
seg fullt ansvarleg for den meining ein vinn fram til. Ein
har med full medviting og vilje gjort kvart tankesteg ein
har teke; heile vegen ein har gått, ligg open for ein i
fullt dagsljos. — For den som arbeider på denne måten,
vil det falla naturleg å sanna Newtons ord, at «geniet er
det store tolmod», og at ein finn ei løysing på ein tanke*
knute med å «tenkja alltid».

Som motsetning til denne intelligenstypen står den
som ein kunde kalla den umedvitne. Ein som høyrer
denne flokken til, arbeider gjerne soleis: Han tek til med
full medviting med ein tanke eller eit spursmål som han
ynskjer å få klårleik over. Han ser på saka frå ymse
sider, og brukar all si sjelelege makt til å trengja til
botnar i spursmålet. Men det lukkast kanskie ikkje å
koma nokon veg. Han tykkjer det kjennest stengt på
alle kantar. So kjem mismodet og noko etter kvart og
trøyttleiken. Og so sluttar han arbeidet og tenkjer ikkje
på det på ei stund. Soleis kann det gå nokre dagar,
kanskje og nokre månader; spursmålet vert ikkje teke
framatt — i alle fall ikkje til ålvorleg dryfting. — So

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0199.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free