- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
198

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

198

kann det henda ein dag då han slett ikkje tenkjer på
denne saka — han er kanskje ute og går ein tur, eller
sit i ei sporvogn, eller er ute på sjøen i ein båt, eller
kanskje han nett har vakna um morgonen og er ikkje
komen upp endå — då med eitt går det som eit ljos
upp for han um det spursmålet han tenkte på den
gongen for lang tid sidan. Han får med eitt ei viss mei*
ning um kva svaret skal vera, eller korleis det heng saman.
Og han kjenner seg straks so trygg på at han no har
gripe sanninga. Men det er ikkje so at han endå ser
eller skynar korleis dette svaret skal verta prova. Tanken
kann endå ikkje gå greitt dei vegar som fører frå ut*
gangsstaden fram mot det målet der han no står. Den
logiske samanheng ligg endå ikkje i dagen. Difor kann
han endå ikkje føra eit prov som kann overtyda andre.
Det arbeidet må han gjera etterpå. Då må han granska
spursmålet vitskapleg og umstendeleg og finna dei millom*
leder som endå vantar til ei vitskapleg og overtydande
provføring. Og dette arbeidet går for seg med full med*
viting og er meir eller mindre byrdefullt.

Denne tanketilgang skil seg frå den me fyrst skildra,
i det, at her kjem løysinga som ei uventa gåve ein gong
då ein slett ikkje tenkte på å få noko svar. Millom
fyrste og siste del av arbeidet ligg det ei tid då det må
ha vorte gjort eit umedvite arbeid som ein får stor nytte
av. Det er dette arbeidet eller denne part av heile den
sjelelege tilgangen som gjev høve og grunn til namnet:
den umedvitne intelligenstype.

Når me segjer at eit menneske på denne måten får
løysinga som ei gåve, so må me hugsa, at utan eit tanke*
arbeid fyreåt, kjem aldri ei slik gåve. Den som aldri
har tenkt det minste på eit matematisk problem, får
aldri ei løysing på eit slikt spursmål.

Dei er ikkje so få som ein kanskje skulde tru dei
tilfelle, då svaret ein leitar etter, kjem som ei slik open*
berring. — Det er visst at ymse store tenkjarar har fått
nokre av sine genialaste tankar på den måten. Den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0200.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free