- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
199

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

199

store franske matematikaren Poincaré har gjeve ei forvit*
neleg utgreiing av korleis tankearbeidet ofte går til hjå
han. Poincaré har det nett på den måten som eg no
har freista klårleggja. Noko på same måten skulde og
den norske matematikaren Sophus Lie arbeida. Sume
diktarar har det noko likeins.

Men det er ikkje berre slike meir sjeldsynte tanke*
arbeid som kjem i stand i stor mun i det umedvitne sjele*
liv. Vanlege menneske kann i det små, og i sitt arbeid,
røyna noko liknande, og ha det nett på same måten
som sume store tenkjarar. Det kann vera ei eller onnor
avgjersle ein ikkje har kunna verta samd med seg sjølv
um, eller eit arbeid ein ikkje har makta å få retteleg
oversyn over, og difor har ein ikkje kunna få nokor
tydeleg meining um korleis ein bør taka det eller ordna
med det på beste måten. Kor ofte er det ikkje då, at
ein gong ein ikkje tenkjer det minste på desse gamle
funderingane, då «går det upp eit ljos» for ein, som me
brukar å segja: det er det rette, soleis heng det saman,
soleis skal du ordna det! I alle slike tilfelle er det som
svaret eller løysinga kjem dettande ned til oss den
gongen. Det er det som gjer slike upplevingar so mer*
kelege.

Den åndelege ulikskap me no har tala um, gjeld
arbeidsmåten. Men det er ein annan åndeleg ulikskap
som helst gjeld innhaldet av det tanken oftast arbeider
med. Går ein ut frå sjølve tankeinnhaldet, so kann ein
og skilja dei ymse menneske i tvo flokkar: dei objektive
og dei subjektive.

Det er sume menneske som har godt lag til å leggja
merke til det som hender, det som går for seg. Og det
som dei soleis har fått kjennskap til, det går dei igjenom
i tankane kanskje uppatt og uppatt. Tankearbeidet vert
for det fyrste som ei upprekning: kva eigenskapar ein ting
har, kva som hende, kva ein annan sa, ja og kva tankar
ein sjølv hadde og kva ein sjølv gjorde den gongen og den
gongen. — Upprekning vert det og um ein slik munnleg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0201.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free