- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
200

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

200

eller skriftleg skal openberra tankane sine for andre. Men
dei einskilde eigenskapar og tilburdar kann då verta
samla i visse umgrepsklassar etter sine sermerke. Det gjer
i alle fall dei menneske, som er komne so langt i åndeleg
mogning at det har vorte ein trong for dei å ha orden
på tankane sine, og ha fyrestellingane sine samla soleis,
at dei lett og snøgt kann få oversyn over det dei veit.
Hjå born vil det sjølvsagt verta mindre med slik ordning
eller umgreps*samling. Borna vert ofte ståande med den
snaue upprekning.

Hjå dei menneske som høyrer til denne flokken, har
tanken til formål å gjeva eit sant bilete; ikkje leggja
til eller taka frå. Tanken går heller ikkje utum det som
er gjeve i og med innhaldet i det som vert upprekna.
Fantasien tek ikkje til og byggjer vidare der sjølve san*
singa eller onnor uppleving sluttar. — I det store og heile
er tanken vend utetter. Det er det som går for seg i um*
verda, det som sansane gjev ein melding um, som er det
emnet tanken serleg arbeider med.

Sermerkt for denne tanketype er som me skynar,
objektivitet. Det må no lel ikkje takast so at eit men*
neske av dette slaget skulde ha so heilt pålitelege fyre*
stellingar um eit tankeobjekt. Det er so mykje um å
gjera kor stor kraft vedkomande legg i granskararbeidet.
Det er ikkje visst at arbeidet vert gjort med so stor energi.
For den som har lag til å halda seg til «det verkelege»,
kann og vera åndeleg lat og meir eller mindre likesæl.
Og då kann det godt vera sers misvisande det resultat
som tanken sluttar med. Men biletet har då vorte falskt
på den måten, at det vantar fleire viktuge einskildting.
Tankebiletet er for fattigt på innhald. Dersom biletet har
vorte usannferdigt og misvisande, so er årsaka å finna her.

Den subjektive intelligenstype er ei rein motsetning til
den objektive. Hjå dei menneske som høyrer til den
flokken, er ikkje åtgaumen so sterk. Dei vert i alle fall
ikkje arbeidande lenge med å læra ein ting å kjenna so
vel gjenom sansane. Tankane går snart utum det som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0202.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free