- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
201

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

201

er gjeve gjenom sansemelding. Og so tek fantasien til å
arbeida. Sansekjenningane er kanskje berre upptaket til
den rad av skiftande syner som sjela kjem til å arbeida
med. Mesteparten er å føra attende til den skapande
fantasi. Tankane hjå slike menneske vil ofte ikkje vera
vende utette r, men innetter. Det er ikkje dei ytre påverk=
nader, men dei indre upplevingar som er det emnet tanken
krinsar um. Han som tenkjer, lever sitt personlege liv i
sine tankebilete. Han står ikkje utanfor og ser på; han
lever og andar sjølv i sine hugsyner. Orda han brukar,
er sers ofte abstrakte, og har eit vidtfemnande innhald.
Dei avgrensar ikkje tydeleg eit vissf fyrestellingsinnhald,.
men gjev eit større eller mindre spelerom fortolking eller
tanke*innleggjing.

Det er ikkje berre vaksne menneske som kann syna
seg so åndeleg ulike. Ein kann og treffa born som tyde*
leg høyrer til ymse tanketyper. Det kann koma fram på
mange måtar. Og ikkje minsf kjem det til syne i stilane
som borna kann skriva. Binet har prenta eit par prøver,
og eg låner ei av dei. Han gav tvo syster, den eine 11
år og den andre 1272 år gamle det same kastanjebladet
å skriva um. Den eldste, Marguerite, skreiv ill minuttar
og 15 sekundar denne stilen: «Dette bladet som eg har
framfor meg, er eit kastanjeblad, som er teke um hausten;,
for småblada er gule mest alle med undantak av tvo, og
eitt er grønt halvparten av det. Dette bladet er eit saman*
sett blad, som har sju småblad som går ut frå eit sams
punkt på enden av ein stilk som vert kalla bladskaft;
og dette fester bladet til treet.

Småblada har ikkje alle same storleik; av dei sju er
fire mykje mindre enn dei tre andre.

Hestekastanjen er ein tvofræblad^plante; det kann ein
sjå um ein legg merke til bladet; det har greinforma
nerver. På fleire stader har bladet rustraude flekker; eit
av småblada har eit hol.

Eg veit ikkje meir å segja um dette hestekastanje*
bladet.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0203.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free