- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
204

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15. Um vitet eller skynet hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

204

Kor ofte røyner ein ikkje det, at mange som det har vore
sers smått med på skulen, dei vert jamvel fyregangsmenn
ute i livet, ute i det praktiske arbeidet! Eksamensvitne*
målet dei fekk med seg frå skulen, lovde ikkje godt.
Kanskje greidde dei ikkje den stakkars prøva heller. Men
mange prøver som livet gav dei, greidde dei med glans.
— Då vert det gjerne mindre med mange av dei som
var skuleljos. Dei kjem ofte attum dei, i det praktiske liv.

Noko av det verste som kann henda ein som har serleg
givnad til abstrakt og teoretisk tenkjing, er det, at han
får seg eit livsyrke der det framum alt spørst um dugleik
i det praktiske arbeid. Og på same måten er den ille
faren som helst har lag til å arbeida med hendene sine,
men vert sett til å bruka berre hovudet.

Livet lærer oss, at det er ei ålvorleg sak for eit men*
neske um det kjem på «retta hylla» eller ikkje. Og det
er eit viktugt samfundsspursmål og. — No er det visseleg
so, at mange av dei som klagar over at dei har fått eit
livsyrke dei vantrivst av, dei vilde klaga kva dei so hadde
teke til med. For det som dei helst er plaga av, det er
latskap og likesæle. Og for slike menneske høvde vel
ikkje andre livsyrke enn eit slikt som J. H. Wessel sjølv*
ironisk skulde beda Guldberg um: eit arbeid der det var
mykje pengar å tena, men lite å gjera. Det er ikkje visst
det er evnene dei vantar til det arbeidet dei har. Det er sjølve
karakteren det er noko i vegen med hjå dei. Det er ikkje
eit anna arbeid dei burde få seg, men eit anna livssyn.
Dei menneske ser me burt frå her. Men at denne flokken
diverre ikkje er so liten, det skal ikkje blinda oss forden
sanning, at dei ymse menneske kann vera sers ulike i
naturgivnad. Me bør og hugsa, at den medfødde givnaden
har ovmykje å segja for, um eit menneske skal koma til å
gjera rett for seg i livet på den plassen der det har kome
til å få arbeidet sitt. Og det er so med og grunnlegg
livslukka for mennesket. Foreldre og lærarar bør difor
ikkje taka rettleiar*arbeidet sitt lett, når det gjeld å få

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free