- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
208

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

208

nadene er nett i avgjerdsstunda. Og berre etter det vel
det vesle barnet.

Men um ikkje so lenge lyt barnet læra å ikkje leva
berre i augneblinken. Det må og tenkja på kva fylgjer
som vil melda seg um stuttare eller lengre tid etter som
det gjer det eine eller det andre valet. Livet tvingar barnet
til å vera meir varsamt og å sjå framover og for kvar
viktugare avgjerd det tek. Då må barnet til å skilja
millom det som gagnar i lengda, og det som ser godt ut
berre med det same. Og fyrst då kann det verta tale um
ein vilje som er styrd av vitet, skynet. Til denne tid har
det vore den sanselege eller naturlege viljen som har vore
å segja einerådande i barnet sitt viljeliv. Alt det barnet
har gjort, høyrer inn under spontan* og refleksrørsler eller
instinkt* og driftverksemder. Det vesle barnet skil seg i
so måte lite ut frå dei høgreståande dyr.

Me har fyrr nemnt at det sjelelege tilstand har lag til
å få so store kroppslege verknader hjå barnet. Det
må eg minna um her og. I mykje større mun enn hjå
oss vaksne vil sorg og glede, godvilje og uvilje syna seg
hjå barnet i det ytre. Barnet kann skjelva all igjenom
og gråta og spenna og sparka når noko går det imot.
Eller det hoppar og dansar når alt går etter ynske, og
kann ikkje stå roleg um det so galdt livet.

Me ser soleis både at den naturgjevne viljen har slikt
overtak hjå barnet, og at det sjelelege tilstand verkar so
sterkt på kroppen. Hugsar me so attåt på, at barnet
kann tenkja so lite, og at det veit so lite, so skynar me,
at det er ikkje so underleg um me får sjå det, at born
har vanskeleg for å styra seg. Dei kann so lite avmåta
si åtferd etter dei ytre vilkår. Og difor øyder dei og so
mykje kraft reint til fånyttes mang ein gong.

Mange born er svært trossige. Dei held på sitt og
vil ikkje lata seg rettleia og styra av nokon annan. Det
heng noko saman med at dei har so lite røynsler. Dei
veit ikkje kor lite dei sjølv skynar sitt eige beste. Og so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0210.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free