- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
211

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

211

vart han ikkje uppflytt. — Guten vilde ha gått reint i
hundane, um ikkje foreldra, som ikkje kunde missa trua
på guten sin, hadde teke han burt frå denne skulen.
På den nye skulen som han kom til, fekk han ein lærar
som møtte han med tiltru. Og med ein gong vart guten
som umskapa i alle måtar. Han fekk framifrå vitne*
mål, og gjekk ut av skulen som ein av dei beste elevane.«
— Her har me eit tilfelle som det kanskje ikkje er so
sers sjeldan å finna sidestykke til. I alle fall kann ein sjå
noko som liknar i sume ting. — Av ein eller annan grunn
kjem det upp uvilje millom læraren (uppsedaren) og barnet.
Og so misser barnet arbeidshugen — og arbeidsevna og,
ser det ut til. Dette som hende, vart ei stengsle for viljen.
Viljen er maktlaus. — Ofte er det berre eitt visst slag
arbeid barnet ikkje greier meir. Helst er det det arbeidet
som kanskje førde til at uhugnaden kom upp. Var det ei
religionslekse t. d. som var fyrste årsaka til at dei sårande
orda vart sagde, so er det då gjerne i religion at det vert
rådlaust for barnet å læra eller greia noko seinare. Men
i andre læreemne kann det vera som fyrr lel. So kann
det vera med sume born. Men andre har det på den
måten som denne guten Meumann fortel um. Det er ikkje
berre til eitt slag arbeid barnet er arbeidsuført. Det vert
duglaust til alt bra arbeid. Det er som heile viljelivet er
kome i ulag. Ein skulde ikkje tru ein hadde med same
barnet å gjera.

No er det langt frå at det er alle born som har det
på denne måten. For det fyrste er det stor skilnad på
kor nærtakande dei ymse born kann vera. Sume tek det
lett kva dei so høyrer. Og mange har stor reisingsmakt
i seg sjølv, so dei kann vinna over eit mismod. Men i
større eller mindre mun vil ikkje so få verta påverka
soleis, at arbeidsevna vert nedsett, dersom det kjem ein
knute på tråden millom uppsedaren og barnet, og denne
knuten ikkje snart vert uppløyst. Godlag og hugnad er
eit ovleg godt arbeidsvilkår. Det veit me alle. Den lærar
som skapar hugnad i skulestova, han lettar arbeidet for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0213.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free