- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
214

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

214

Det er fyrst i den seinare tid at det har vorte lagt
noko serleg merke til denne sjelelege sjukdomen hjå born.
Serleg er det Sigmund Freud i Wien som har granska
slike tilfelle vitskapleg. — Det ser ut til at jamvel ein slik
nedforkomen stakkar som eit slikt barn må vera, kann
verta berga, um det hender at han får slik tiltru til eit
menneske at han på den måten får hjelp til å skrifta
sitt liv for denne venen so godt han kann. Ei slik upp*
trevling av sjelelivet skal ha ført til, at jamvel det som
var gløymt, har kome framatt i minnet. Og når det og
har vorte klårlagt, so har den sjuke vore komen tilbake
til det normale tilstandet, og han har byrja som eit nytt
liv att. — Jamvel hypnose har vore nytta til å få tak i
det som var kome burt frå det medvitne sjelelivet. Og
fylgjene skal ha synt seg å vera gode. — Det er elles å
segja, at både denne sjelesjukdomen og lækjemåtane har
vore forlite granska endå til, at det er råd å segja noko
visst um, kva svar vitskapen kann gjeva. Dei ymse vit*
skapsmenn er og lite samde både um det eine og det
andre.

Til all lukke er det sjeldan ein høyrer um slike fæle
viljesjukdomar. Men um ein har berre med vanlege born
å gjera, so melder det spursmålet seg for uppsedaren alt
i eitt: korleis skal eg bera meg åt med å få venda barnet
sin vilje i den rette lei, og samstundes få viljen arbeids*
før. Den skildring me har gjeve av barnet i det heile, og
serleg det me har set um viljelivet, alt syner tydeleg, at
barnet ikkje er skikka til å styra seg sjølv. Reint natur*
gjeve er barneviljen lenge ein sers ufullkomen reidskap å
gå ut i livet med. Men det peikar tydeleg på, at barne*
viljen heller ikkje skal få den uppgåva som viljen hjå
det vaksne menneske kann verta tiltrudd. Uppsedaren sin
vilje må gå i plassen for barneviljen so lenge. Det er
ikkje å gjera noko naturstridigt. Tvertum, det er å gå
den vegen natura sjølv peikar på. Og barnet kjenner seg
ikkje ulukkeleg med det. Det kann nok vera stridigt
stundom der den vaksne ikkje kann tvila på, at han gjer

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0216.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free