- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
218

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

218

som er- målbori i Håvamål i dette verset: »Umveg er
jamt til utrygg ven um midt i bygda han bur. Men bein*
vegar går til den gode venen um han er langt av lei.«
Men er kjærleik eller uvilje på kvar sin måte meir enn
halve byrda for oss vaksne, so er det visseleg endå meir
tilfelle for barnet. Den uppsedar som barnet har tiltru til
og som det er glad i, han eig og i stor mun barnet sin
vilje. Kjærleiken gjev viljen ikkje berre ei viss lei, men
han legg og tyngde i viljevedtaket og skapar støleik og
kraft under arbeidet. — Diverre syner livet oss ofte døme
på, at den naturgjevne tiltru og tryggleik som me no har
tala um ein finn hjå barnet, kann verta til mistru og
redsle. Og i staden for kjærleik finn ein uvilje, ja beint
fram hat. Det er ikkje naudsynt å skildra kva fylgjer
dette har, når det vert spursmål um at barnet skal lyda
uppsedaren.

Det vert so ofte tala um løn og straff som skal verta
nytta i uppsedingsarbeidet. Alle vil skyna, at det er uråd
at barnet ikkje skulde koma til å merka um foreldra
likar eller mislikar den åtferd det syner. Det må koma
fram i samlivet millom foreldra og barnet, dersom foreldra
ikkje er plent likesæle um korleis barnet tek til å
leva-I det velnøgje eller misnøgje som uppsedaren umlag natur*
gjeve må leggja for dagen mot barnet, har det og løn
eller straff for sine gjerningar — burtset frå dei fylgjer
som dei ubrigdelege naturlovene fører med seg i dei ymse
tilfelle når barnet har levt i samhøve eller kome i strid
med dei. Men når ein talar um løn og straff i upp*
sedingsarbeidet, so tenkjer ein helst på den kunstige eller
tillaga løn og straff. Når barnet står på skiljevegen,
og det feil tungt for det å velja, so kann tanken um
kunstig løn og straff og verka med. Og uppsedaren, som
i stor mun har det i si hand å laga denne løn eller straff
so som han vil, han kann på den måten umveges verka
på barnet, so det vel so som han ynskjer. Alle dei
kjenslevekkjande fyrestellingar ein kann kalla fram hjå
barnet i avgjerdsstunda, har noko å segja for kva barnet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0220.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free