- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
219

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

219

då vel. Og er den forstandige og etiske viljen for veik,
so får ein stydja han med å lata fyrestelling um kunstig
løn eller straff verka med. Ut frå den synsmåten er det
psykologisk grunn til å nytta slike uppsedingsmidlar.
Men ein skal samstundes og vita, at nett det at ein treng
um å bruka slike rådgjerder, syner for det fyrste at bar*
net er ikkje som det skal vera endå. Og for det andre
er det eit vitnemål um at uppsedaren har ikkje den makt
over barnet som han burde ha. Å måtta bruka kunstig
løn eller straff er ikkje berre ein dom um barnet, men og
i mange tilfelle um uppsedaren. Og den lydnad ein tvingar
fram på denne måten, har ofte mindre verd enn ein trur,
nettupp av di barnet då ikkje legg for dagen kva det
sjølv vil, men kva det er tvinga til. Og den dag kjem
nok, då det ikkje er råd å styra barnet på den måten.
Då vil det syna seg kva slag menneske barnet har vorte
til, og kva det verkeleg sjølv vil. Likevel: trur ein at
ein ikkje på annan måte kann få barnet til å tenkja seg
vel um og vinna i striden mot sitt lettlynde og sine
vonde hugdrag, og trur ein at ein ikkje bryt ned hjå
barnet meir enn ein byggjer upp, so vil ein samvitsfull
uppsedar sjå seg nøydd til å bruka kunstige uppsedings*
midlar og. Det er då betre enn å lata arbeidet gå som
det vil. For det er å røma valplassen. Men det er det
siste eit vakse menneske bør gjera, når det veit at det
strider for noko godt. Og det gjer alltid ein god upp*
sedar.

Betre enn løn og straff verkar det gode Jyredømet på
barnet. Serleg um uppsedaren sjølv kann vera mønsteret.
Barnet har stor sans for det røynlege, det verkelege. Og
det har ei merkeleg evne til å kjenna um det har å
gjera med eit menneske med ein sterk vilje. Difor spørst
det mykje meir etter kva uppsedaren i røynda er, enn kva
han segjer. Eit menneske med djup og fast karakter verkar
sterkare på eit barn enn noko anna. Difor er det ei ål*
vorleg sanning å tenkja på for alle som har å stella
med born: berre den som sjølv er uppseda i tenkjemåte,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0221.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free