- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
221

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

221

gjente. Kunde me sjå um barnet har noko slikt ideal,
og korleis dette idealet er, so vilde det gjeva oss stor
rettleiing. Millom anna vilde me få upplysning um korleis
uppsedings* og upplæringsarbeidet har verka på barnet:
kva det er som har sett seg fast i barnetanken, og kva som
ikkje har sett noko slikt merke etter seg. — Av den grunn
har det i den seinare tid vore drive ei gransking av
»barneideal« i ymse land. Sume meiner at dei svar som
desse granskarane har kome til, er objektivt sanne i stor
mun. Dei gjev oss eit sant bilete av dei »ideal« barnet
har. Andre meiner det er ikkje tilfellet. Dei »ideal« her
vert tala so mykje um, trur dei har lite å gjera med dei
»ideal« som har makt over barnet. — Eg skal ikkje koma
inn på den striden. Personleg er eg helst samd med dei
som trur, at desse »barneideal« som sume granskarar meiner
å ha funne, dei har vore tillagde eit verd dei slett ikkje
har. I alle fall er det endå so lite sikkert me har fått
å halda oss til, at ein anten måtte nemna det viktugaste
av alle dei ymse motstridande svar, eller og ikkje nemna
noko av dei. Det siste ser eg meg nøydd til å gjera her.

Mange meiner at barneviljen verkar ein helst på med
det, at ein øver barnet til verkeleg å gjera det ein ynskjer
det skal velja. Barnet har meir lag til å setja ein tanke
i verk enn å gruvla og granska det som kann tala for
eller imot denne tanken. Det er lenge i alle fall meir
praktikar enn teoretikar. Og det må uppsedaren hugsa
på. Han lyt taka ansvaret for at vegen er den rette.
Gjenom arbeid vil barnet læra å greia dei praktiske van*
skåne for det fyrste. Noko etter kvart kjem so skynet til
og godkjenner teoretisk det som alt er innøvt praktisk. —
Samstundes med at barnet har øvt seg til eit visst arbeid,
so har det og upplevt den hugnaden og den gleda som
arbeidet fører med seg. Og so kjem det gjerne til det, at
barnet til slutt vil gjerne gjera arbeidet, endå um det tok
til med uvilje for det fyrste. Gjenom øving har viljen
vorte både skapa og styrkt. — Hjå mange born er
det lettast å verka på viljen på denne måten. Det såg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0223.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free