- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
224

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

224

alle fall ikkje råd når det spørst um korleis ein på beste
måten skal verka på barne viljen, og korleis barnet so
vil verta når det veks upp og vert eit vakse menneske.
Men er me foreldre og lærarar av rette slaget, so misser
me ikkje modet for det. Og me let ikkje granskararbeidet
liggja urøyvt. Me spør, og me leitar, og me prøver og
prøver oss fram. Og me gjev kvarandre råder so godt
som me kann, og soleis som me kann det. Og her der det
gjeld å vera med å forma barnet sin vilje, barnet sin
karakter, her tykkjer me ikkje noko arbeid er for tungt
eller noko offer for stort. Midt i all vår rådville ofte,
og med kjensla av det tunge ansvar som kviler på oss,
segjer me med fast vilje Frøbels fagre og sterke ord: alt
for borna.

17. Overgangsalderen.

Dei fyrste 6—7 år i menneskelivet vert ofte kalla
mjølketannsalderen. Dei næste 6 år, frå det 6—7 til det
12—13 året kaliar ein tannskiftealderen. I staden for å
gjeva desse fyrste 12—13 åra namn med tanke på ten*
nene, brukar ein stundom å tala um den tidlegare og
seinare barnealderen. So kjem den tid som vert kalla over*
gangsalderen eller pubertetsalderen. Det er helst barne*
alderen me har tala um fyrr. No skal me sjå litegrand på
kva som sermerkjer pubertetsalderen i menneskelivet.

Med pubertetsalderen eller overgangsalderen meiner me
den tid då ein »går over« frå barn til vakse menneske:
guten vert mann, og veslegjenta vert ei kvinne.

På ein måte kann ein segja at barnet heile tida veks
fram mot det målet: den vaksne mann eller den vaksne
kvinne. Barnet vert lengre, tjukkare, tyngre. Det får
større kropp og meir kroppsleg makt. Og samstundes får
det og betre åndsevner. Det vert i det heile meir sjølv*
hjelpe. Barnet i 8— 10*årsalderen treng ikkje um å verta

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0226.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free