- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
227

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

227

livet.1 Men det ser ut til å hanga saman med so mykje
i den kroppslege organisme. Jamvel sume av talereid*
skapane vert påverka av denne overgang frå barn til
vaksen, soleis røstebanda i strupehovudet. Serleg veit me
det er tilfellet hjå mannen. Difor er målskiftet so lett
å høyra hjå gutane. Skilnaden er mykje mindre hjå
gjentene. Men både hjå mann og kvinne får no mælet
den klang som vert ei sereige for kvart menneske.

Den kroppslege vokster er stor i overgangsåra, har
me set. So lenge denne voksteren held på, er det mange
som er lite helsesterke, jamvel um dei elles er friske. Det
ser ut til at den vokster som høyrer med til eller står i
slektslivet si teneste, og den mogning som då går for seg
i kroppen, alt dette tek mykje kraft og gjer mennesket
mindre arbeidsført. Og nett i dei tider då det ovrar seg
sterkast det umskiftet som det vaknande slektsliv natur*
gjeve fører med seg, då er og den unge veikast. Serleg er det
tilfelle med gjentene.

Den sjelelege vokster er kanskje like stor på sin
måte som den kroppslege. Men han er ikkje so lett å
få mål på. Um det sjelelege tilstand er det å segja som
um det kroppslege: det er ei sterk rørsle; store krafter
er i arbeid. Det er som ei vårtid med sterk bryting.
Difor kallar me og ofte denne tida »brytingstida« i menne*
skelivet. Men det er so lite støleik å finna. Og so lite
klårleik. Ja den unge skynar ikkje alltid seg sjølv. Han
kjenner i seg ymse hugdrag, ymse sjeletilstand som han er
framand for endå, av di han har ikkje kjent noko slikt i
barndomen. Det er difor naturleg at han tykkjer han er
ei gåte for seg, ei gåte som han ikkje rett kann skyna.

1 Norsk lov har gjeve løyve til giftarmål for mannen når han var
20 år og for kvinna når ho var 16. Men mange meiner alderen
har vore for lågt sett. Korkje kroppsleg eller sjeleleg er anten
mannen eller kvinna slikka for ekteskap og ekteskapleg samliv
endå, segjer dei. Kynskjertlane er hjå kvinna soleis heilt ferdig*
laga fyrst i 20–22=årsalderen og hjå mannen tvo—tre år seinare.

I 1918 var det lovfest at ei kvinne ikkje kann få gifta seg her i
landet fyrr ho er 18 år.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free