- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
228

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

228

Dette heilt nye som barnet ikkje har kjent, men som
no tek til å ovra seg tydeleg hjå 15~ 16*åringen, det er
som alt nemnt slektslivet. Guten får ikkje nok berre
med seg sjølv. Og heller ikkje gjenta. Det kjem upp ein
trong som tek sikte på eller er ei draging til ekteskapleg
samliv millom mann og kvinne. Men denne trong eller
draging skil seg lenge ikkje tydeleg ut i det sjelelege til*
stand som den unge upplever. Han kjenner det vantar
noko, men veit ikkje rett kva det er. Dette gjer at tanken
er so uroleg og leitande og veit liksom ikkje å få seg
feste.

Det er og å leggja merke til det som alt er nemnt, at
den unge er ikkje anten kroppsleg eller sjeleleg skikka for
ekteskapleg samliv fyrst ei slik draging melder seg. Han
må fyrst læra å skyna seg sjølv, og han må vita både
kva han kann, kva han har lov til, og kva han vil. Det
er dette åndelege klårgjeringsarbeidet som må gå for seg
i overgangsalderen. For mange tek det lenger tid og.

Det vaknande slektslivet tek ikkje til med at gutane
og gjentene kjenner draging til kvarandre. Ein kunde
snarare segja at i overgangsalderen — i alle fall i den
fyrste tid — kjenner dei seg naturgjeve burtstøytte av
kvarandre. Gjentene tykkjer at gutane er løgne. Dei er
keivelege og utekkjelege so ein kunde både læ åt dei og
verta sinna på dei. Og gutane har ikkje stort likare tankar
um gjentene. Dei er so veike og kruslete. Og so er
det ikkje anna enn tilgjersle og jåleskap med dei. — Det
er fyrst etter at overgangsalderen er umme, at kvinner og
menn kjenner seg naturgjeve dregne til kvarandre.

Den unge skynar ikkje retteleg kva det er som går
for seg eller vert til i han, har me sagt. Men på same
tid veks og mognast han, og utviklinga peikar mot eit
naturgjeve mål. Vit og vilje har her ingen ting å segja.
I so måte er denne voksteren lik all annan naturstyrd
vokster. Men det som gjer heile tilgangen so pedagogisk
vanskeleg, det er at denne voksteren verkar so ovleg sterkt
på kjensle* og tankelivet. Den unge kjenner seg ofte so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0230.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free