- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
229

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

229

uppriven og tankevill, og han skynar so lite det tilstand
han upplever.

Det har vore og er eit pedagogisk stridsspursmål:
skal uppsedaren prøva å hjelpa halvvokstringen gjenom
denne brytingstida, eller skal han ingen ting gjera. Serleg
er meiningane ulike når det spørst um anten dei eldre
skal fortelja guten og gjenta um slektslivet, so det kann
falla dagsljos over det som er ukjent og løyndomsfullt for
dei endå, eller skal det ikkje verta nemnt noko um slike ting.

Det er ikkje mi meining å dryfta dette spursmålet
her. Det kann som alle veit, verta nemnt sterke grunnar
både for og imot. Her gjeld det meir enn i noko anna
tilfelle i uppsedingsarbeidet trur eg, at det som ein kann
gjera med den største signing, det bør ein annan aldri
prøva ein gong. For han gjer berre uboteleg skade.
Diverre er det ikkje sjeldan at folk av dette slaget trur
seg mest føre til å vera rettleiarar. Det er det som er
det aller verste kunde ein vera freista å segja. Sjelelæk*
jaren skulde vera, han er berre ein dyrlækjar.

Ein av dei ting som gjer rettleiing so vanskeleg, det
er at halvvokstringen har so tungt for å tru seg til nokon.
For barnet feil det so lett å fortelja til mor kva som
vantar det eller kva det er som er i vegen. Men med det
vert det eit umskifte, serleg i overgangsalderen. Både
guten og gjenta vil ha tankane sine meir for seg sjølv enn
barnet. Og serleg gjeld det alt som heng saman med
slektslivet. Det vaknande slektsinstinkt er ein personleg
heilagdom som ikkje framande augo må få glytta .inn i.
Soleis kjenner ein uskadd og usulka ungdom det. Og det
er bra at han kjenner det so. Den naturlege bljugskapen
er både eit vitnemål og eit vern som aldri vert vyrd
for mykje. — Men denne avstenging har den fylgja, at det
vert ikkje lett å få gjeva upplysning og råd jamvel for
den som har vilkår for å kunna gjera det. —

Det er elles det å leggja merke til og, at på same
tid som halvvokstringen er redd for å lata andre få
greie på kva han tenkjer på, og korleis han har det,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0231.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free