- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
230

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

230

so kjenner han og trong til å få upplysning um korleis
andre har det, dei som er i same stode og tilstand som
han. Han kjenner seg uglad og ottefull i den uvissa han
lever i. Og då går det gjerne so, at han søkjer upp*
lysning hjå dei som veit like lite som han sjølv. Ein
gut får gjerne ein annan gut som han trur seg til. Og
ei gjente ei onnor gjente. Det er i denne tid dei vert til
desse velkjende »bestevenskap«. Det er ofte berre eit slag
instinktvori forvitne som er grunnlaget for slike venskap.
Og når denne nyfikna er stetta, eller det er klårt at det
er ikkje noko meir å vinna i so måte på den vegen,
so er og venskapen slutt. At desse venskap og kann føra
til forråing og tilsulking av tankelivet, det er lett å skyna.
Det er diverre ofte at upplysningane vert søkte hjå dei
som minst burde verta spurde. Og det er ikkje minst
denne fåren som kann gjera det til ein skyldnad for
uppsedaren å tala ope ut um slektslivet med halvvokstrin*
gen, fyrr han har vorte driven til å gå til framande med
spursmåla sine.

Det er ikkje berre når det gjeld slektslivet, at 15—17*
åringen vil ha tankane sine for seg sjølv. Det gjeld i
stor mun i andre ting og. Ein kann segja det er som eit
sermerke for denne tid i menneskelivet det, at ein vil
vera so mykje åleine. Ein er på ein måte åndeleg sky
og vil — serleg turevis — helst ha lite med andre å
gjera. I alle fall er det ikkje mange ein har hug å vera
i lag med.

Eit anna sermerke er kritikksykja og trettehugen.
Barnet kann og vera stridigt, veit me. Serleg har det
tungt for å finna seg i å lyda, når påbodet kjem mykje
i strid med det som det sjølv har hug til. Men får
det vera i fred, so legg det seg ikkje so mykje burt
i dei vaksne sitt arbeid. Og det bryr seg ikkje um å
granska dei vaksne sine meiningar um dei ymse ting.
Men so er det ikkje med 15—17*åringen. I han er det
meir krigshug enn i barnet. Og han ventar ikkje til dei
vaksne kjem med krav til han. Han er sjølv den som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0232.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free