- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
233

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

233

Uviktugt og smått er like brukeleg i so måte som det som
har ovmykje å segja.

Det er på andre måtar og, at me tykkjer at halv*
vokstringen vil vera noko meir enn han verkeleg er. Me
har tala fyrr um, at barnet har lag til å taka etter det
det ser for seg. Det apar etter dei eldre. Men barnet
tenkjer lel ikkje å vera som dei vaksne. Det gjer ikkje
krav på det. Men annarleis er det med 15— 17*åringen.
Han vil vera vaksen han. Og so freistar han å tala og
å te seg so som dei vaksne. Ofte vert det då i dei ting
som kunde vera å leggja minst vekt på, han er mest
ihuga til å visa kva kar han er. Professor Cramer i
Tyskland har skildra dette draget hjå den halvvaksne
soleis: »Det høgste ynske gutane har i konfirmasjons*
alderen det er å få lange bukser. Gjentene vil ha lange
stakkar, og håret uppsett. Samstundes ser ein stor sans
for den moden som nett råder. Nett hjå desse halv*
vaksne gutane ser ein dei høgste snippane og dei lyte*
lausaste brettar i buksene. Ein kann sjå dei spegla seg
uppatt og uppatt, og mustasjeproblemet er dei mykje upp*
tekne av. I dette strævet med å likna dei vaksne er i
det heile dei ytre kjenneteikn lettare å få auga på enn
dei indre. Unggutane freistar å drikka øl og å røykja um
det so smakar motbydeleg. Dei gjer mælet so djupt som
råd er, og syner ei ærekjensle over rimelege grenser.
På same måten er det og med gjentene. Tilgjorde og
uppstylta er dei, noko som er velkjent frå alle skildringar
av bakkfisjalderen. Og denne fåfengd kjem no meir
og meir fram både hjå den unge mannen og den unge
kvinna.«

Ein skulde kanskje tykkja at kritisering og åtfinning
av dei eldre ikkje godt skulde kunna einast med hug eller
trong til å taka etter dei vaksne. Desse tvo drag me no
nett har peika på, skulde ein tru måtte stengja kvar*
andre ute hjå same mennesket. Men det er ikkje so lel.
Og grunnen er beintfram den, at det er ikkje logisk
tenkjing som fører den unge anten til åtfinning eller etter*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0235.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free