- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
237

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

237

formar fantasibygnadene sjølvstendigare. Men fantasi*
arbeidet får ofte merke av uro og jaging, ein kunde mest
segja feber. Det er ikkje minst i fantasiarbeidet det syner
seg at det vantar halvvokstringen jamvekt og fast styring.
Skort på åndeleg herredøme og på sjølvkritikk, på same
tid som fantasien arbeider so sterkt, fører ikkje sjeldan
til ei dagdrøyming som kann vera fårleg. Sant og falskt,
truleg og utruleg, det vert ikkje gjort stort skilnad på
i slike drøymings*stunder. I so måte er det ikkje liten
skilnad på halvvokstringen og dei eldre.

I 15—17*årsalderen har mennesket eit større fyre*
stellingsforråd enn barnet. Fantasien har meir vyrke å
taka av. Men attåt kjem det, at det vaknande kynsliv
gjev fantasien ei draging som ikkje barnefantasien visste
um. Og det vert noko sterkt personleg i fantasiarbeidet.
Guten og gjenta — mange i alle fall — lever og andar i
dei biletrekkjer som går gjenom tankane. Og nett av di
det personlege spelar so sterkt inn her, so kjem det og
til å verta slik ulikskap på dei tankesyn som dei ymse
ungdomar leikar med. Um denne fantasering me her serleg
tenkjer på, skriv fru Ragna Nielsen: »De fleste unge piker
— ikke alle — har vistnok i overgangsalderen erotiske
drømme, hos nogle barnslige, fine og uskyldige, hos andre
saa raa at de vilde forfærde, alt erter det temperament,
de forskjellige forholçl hvorunder hun er vokset op.« Det
same som Ragna Nielsen her segjer um gjentene, kann
visseleg og verta sagt um gutane. Diverre er det vei god
grunn til å tru at råskapen sulkar fantasidraumane endå
oftare til hjå dei enn hjå gjentene.

Sjølvsagt er det ikkje berre slektslivet som kjem til
og gjev ungdomsfantasien ei næring som barnefantasien
ikkje hadde. Når barneåra er umme, må dei fleste til
å velja seg livsyrke. Ja ein kann vel segja at alle burde
til å tenkja på det då. Det og gjer, at både gutar og
gjenter no må til å tenkja meir på seg sjølv, eller ret*
tare sagt på si eiga framtid enn barnet har gjort. Barnet
lever i notida har me sagt fleire gonger, og er upp*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0239.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free