- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
238

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

238

teke av det som hender kring det. Tankane vert vende
utetter. Men um 16— 18*åringen kann ein segja at han
lever helst i framtida. Tankane vert vende frametter. Og
dei er vende innetter ofte i alle fall, mykje oftare enn
tilfellet er med barnetanken. Den unge vert mykje syssel*
sett med seg sjølv.

Men framtida er løynd; ho er ei gåte. Men denne
gåta slepp ingen frå. Og som me og fleire gonger har
sagt: den unge er og sjølv ein løyndom for seg sjølv. Er
det då rart at det kjem ei underleg skjelving inn i fantasi*
arbeidet no? Nei det er det ikkje. Og difor vil mange,
mange 17— 18*åringar tykkja dei finn sine eigne tankar
og sitt eige tilstand og, so godt tolka i Bjørnsons »Undrer
mig paa hvad jeg faar at se over de høie fjelde.«

Det største skifte som overgangsalderen fører med seg
for det menneskelege sjeleliv, finn ein truleg i kjenslelivet.
Um kjenslene kann ein segja i det heile, at dei får ein
styrke no som dei ikkje har havt fyrr. Og likeins kann
ein segja at dei får ein mollgrunntone. Ofte kann det
no koma over både gutar og gjenter eit underleg tung*
lynde som dei ikkje skynar årsaka til. Og det er ikkje
so berre for ei lita tid dette. Visst er dei ikkje alltid like
melankolske. Men det er merkeleg kor ofte hugen er
sår, so gråten ikkje er langt burte når dei er åleine, so
dei vågar seg til å lata hjartemålet koma fram. Vill*
skapen og kåtleiken som ein kann sjå ikkje so sjeldan
hjå mange, er ofte ei lånt kåpe som skal løyna det som
er innunder.

Tunglyndet kann stundom verta til ein sjukdom som
gjer skade på heile sjelelivet. Men dei er få dei som
det er tilfellet med. Dei fleste går visst i so måte
uskadde gjenom overgangstida. At dei tunge, ålvors*
fulle stunder som mange upplever, har innverknad på
den åndelege mogning, det er tvillaust. Oftast kann ein
vel segja at sorga har vorte til signing. Tunglyndet har
vore ikkje berre eit vokster tilstand, men og eit vokstervil*
kår, eit mogningsvilkår.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0240.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free