- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
239

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

239

Kjenslene vert ikkje berre sterkare og går djupare
hjå ungdomen enn hjå barnet. Dei vert og fleire slag.
Kjenslelivet vert rikare. — Det er i overgangsalderen at
dei estetiske kjenslene tek til å få nokor større makt.
Her må ein kanskje helst nemna naturkjensla. — No er
det og at ymse sociale kjensler vaknar for godt. Fedre*
landskjærleiken t. d. kann få ein styrke som barnet aldri
har upplevt. Og ungdomen har lett for å verta gripen
av eldhug for ymse »saker«, for ymse arbeid som har til
formål å gjera livet reinare og rikare i samfundet. Dei
etiske kjensler kann no i stor mun koma til å setja merke
på det arbeidsliv den unge vigjer sine krafter til.

Det er vel fyrst i den seinare overgangsalder (og so i
ungdomstida) at desse slag kjensler får ein stor plass i
sjelelivet. I 17—20*årsalderen har dei fleste menneske
lett for å læra å sjå stort på livet og arbeidet i det heile.
Dei kann verta tekne av sorg og harme; men dei kann
og kjenna glede og takksemd som sjeldan til andre tider
kanskje.

At det i overgangsalderen kjem eit ål vor fram hjå
so mange, eit ålvor som me ikkje har set sidestykke til
fyrr, det har me og peika på i stykket um det religiøse
sjelelivet. Dei vitskaplege etterrøknader fortel at 16—17=
årsalderen viser det største tal religiøse gjenombrot. Og
elles er det ein vel kjend ting at religiøst vekkjingsarbeid
ikkje syner so tydelege verknader nokon sinne som når
det vert drive millom 15—20*åringar. Serleg er det då
lettare enn elles å vekkja sterke religiøse kjensler hjå
mange.

Me har og fyrr nemnt at med 13—14*årsalderen tok
borna til å få meir givnad for abstrakt tenkjing enn dei
hadde fyrr. Og då er det og berre naturleg at ungdomen
kann få sterkare logiske kjensler enn borna. Soleis er
det og. Men når det gjeld vit og skyn og tenkjeevne, so
finn ein og at overgangsalderen fører med seg mangt ein
kanskje ikkje skulde ha venta. Voksteren er og her sers
ujamn. Det kann ein segja er tilfellet anten ein saman*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0241.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free