- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
244

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 17. Overgangsalderen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

244

det at ein har vorte 18 år. Og arbeidet er kanskje
ikkje i det heile lettare no enn i yngre år. I sume ting,
kanskje i mange ting, er det visseleg mykje tyngre. Men
skilnaden er, at no skulde den unge ha vorte sin eigen
uppsedar. Han skulde no både skyna og kjenna ansvaret
for kva han sjølv vert til. Dersom det no tek seg so ut,
at den unge let seg driva som stokk i straum utan mål
og med, so er det ikkje å undra seg over at den ålvor*
lege uppsedaren kjenner ein otte og ei sorg som aldri ord
kann tolka. For livet syner oss so mange som aldri vert
åndeleg vaksne. Ja det er so mange som vert åndelege
krøplingar og åndelege vrak. Og då er det ikkje å
venta anna enn at livet og syner oss ei og onnor mor, ein
og annan far, ei og onnor Niobe som sorga driv ut i den
svarte ørvæna.

Kjennskap til korleis den unge er i overgangsalderen
kann soleis aldri taka burt frå uppsedaren all sorg, og
læra han å sjå framtida imøte ottelaust. Men han kann
læra å ha von endå um det kanskje kann sjå tungsamt
ut lenge. Og han kann truleg og læra noko um kva slag
rettleiing guten og gjenta treng desse åra, og korleis han
på beste måten kann gjeva den hjelp han er før til.

Og kjennskap til halvvokstringen skulde og læra oss
noko um korleis samfundet helst skulde kunna koma ung*
domen til hjep. Det er i vår tid gjort mykje både for
barneskulen og ungdomsskulen. Men det torer vera god
grunn til å segja, at båe er endå for lite bygde på dei
lærdomar den vitskaplege granskning har gjeve oss um
både det kroppslege og sjelelege tilstand hjå barnet og
ungdomen. Å greia ut um dei spursmål som melder
seg her, det ligg utanfor det me kann taka med i denne
boka. Berre eit stridsspursmål vil eg få minna um her:
alderslågmålet for dei som ungdomsskulane tek upp.
Det er ikkje tvil um at fyrst etter 17*årsalderen tek det
til å verta so pass ro og so pass ålvor både hjå gutar
og gjenter, at dei er skikka til å gå på ein ungdoms*
skule. Det vil segja dersom skulen tek sikte på noko

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0246.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free