- Project Runeberg -  Bjørnstjerne Bjørnsons Fortællinger /
224

(1907) [MARC] Author: Bjørnstjerne Bjørnson
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Småstykker - Ej faarlig friing

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

EJ FAARLEG FRIING

so skulde han og synerne hans frejsta. Knut for sakta at
el-dast nu, men enndaa han var yver dej sekstige, piagade han
gjerna taka broktak med eldste sonen sin, ner dat vard honom
for dauvlegt i laget.

Uppetter til Husabysetri gjekk dat bert ejn veg, og han bar
bejnt igjenom Husabytunet. Neste laugardagskvelden, daa Tore
vilde til støduls og smaug stilt igjenom gården, alt lettare paa
foten, daa han kom aat lada, - for ejn kar radt i bringa paa
honom. "Kvat vil du meg?" sagde Tore, slog han i marki,
so dat song i honom. "Dat skal du faa vita," sagde en
annan bak honom med ejt nakkadrag, og dat var broderen.
"Her kjem tride karen," sagde gamle Knut og gjekk honom
paa bringa.

Tore vard sterkare i faaren; han var mjuk som vidja og
slog, so dat svejd; han smatt og smaug; dår slag fell, var han
ikkje; dår dat knapt var ventanda, høvde han. Han nejg og
spratt upp; dengd vard han fulla, og dat tilgangs, men gamle
Knut sagde ofta sidan, at stautare kar havde han varia veret i
kast med. Dej heldo paa, til dess dat flaut blod; men daa
sagde Husabyen: "Stopp!" og darmed let han dej ordi ut:
"Kann du neste laugardagskvelden sleppa undan Husabyvargen
og ungarne hans, so skal jenta vera di!"

Tore drog seg hejmattr so godt, han vann, og daa han var
komen hejm, lagde han seg ned. Stort ord gjekk i bygdi av
slagsmaalet paa Husaby; men dat sagde ejn og kver: "Kvat
vilde han og dår?" Ejn var dat, som ikkje sagde so, og dat
var hon Aaslaug. Hon havde ventat han so hin
laugardagskvelden, og daa hon nu fekk høyra um endalykten paa di millom
faderen og honom, sette hon seg stad og gret og sagde med
seg sjølv: "Fer eg ikkje han Tore, so verd dat ikkje ejn glad
dag fyre meg her i verdi."

Tore vard liggjande sundagen yver, og maandagen kjende
han, at han ogso laut liggja. Tyrsdagen kom, og dat var slik
fin dag. Dat havde rignat med notti, fjellet var ovlega grønt;
vindaugat stod opet, ange av lauv bar inn; bjøllorna Ijomade
ned etter fjellet, og ejn haukade uppe dår; - var dat ikkje,
fyre di moderi havde setet inne, so havde han graatet.

Onsdagen kom; og enndaa laag han; men torsdagen tok han
til at undrast, um han do ikkje skulde kunne verda hejl til
laurgardags; og fredagen var han uppe. Han hugsade seg nu
dej ordi, som faderen havde sagt: "Kann du neste
laugardagskvelden sleppa undan Knut og vargungarne hans, so skal jenta

224

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Nov 12 12:14:40 2019 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bjorfort/0242.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free