- Project Runeberg -  Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen / Årgång I. 1914 /
20

(1914-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Det nye Universitetsbibliotek i Kristiania av Oluf Kolsrud

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20 OLUF KOLSRUD

Staten aatte ein gard ved det gamle Torget (paa hyrna av
Raadhus-gata og Nedre Slottsgata), bygt 1626, det eldste hus i Kristiania no. Her
fekk UB 2dre høgdi um hausten 1816, og f raa vaaren 1817 heile huset, i
alt 19 rom. I november 1817 aatte UB 62,698 band, med smaatt og stort,
medrekna dei mange duplettar, triplettar og quadruplettar. I 1819 var alt
innflutt, og Iste september s. a. vart lesesalen opna.

Det var tanken, at UB berre millombils skulde vera i detta huset, —
Haxthausen-garden dei kalla det, etter generalkrigskommissær H., som sist
budde der. Og det var planar uppe i 1816—1817 um aa byggja eit
ser-skilt bibliotekshus til 3 — 400,000 band; hovbyggmeister Jessen vart uppkallt
fraa Kjøpenhamn til aa gjera teikningar, og regjeringi tilviste byggjegrunn
paa Akershus festnings glacis (»Kontraskjeret») 2/q 1817. Men det vart ingen
ting av, og i ein mannsalder vart UB verande der det var.

I 1824 hadde boksamlingi auka till 90,000 band, og i dei næste tjuge
aar til 1844 var tilvokstren 40,173 band. Men ein stor part var duplettar
etc, og daa ein rekna fraa desse og dissertatsarne, viste ei uppteljing i 1845
93,366 band.

Haxthausen-garden var ikkje noko høvelegt bibliotekshus. Universitetet
sjølv hadde kjøpt seg eigen gard i 1820 (Mariboe-garden, no
Revisionsdepartementet, Prinsens gt. nr. 20), men her og vart det snart for trongt. I
1826 fyreslo Finansdepartementet, at det skulde gjerast ein aalmenn plan til
nye bygnader aat Universitetet, men statskassa hadde ikkje raad til so stort
verk enno. Men ved kgl. res. av 8/a 1828 fekk det Akademiske Kollegium i
uppdrag av Regjeringi aa lata arbeida ut planar og overslag till fullstenduge
nye Universitets-bygnader. Teikningar vart framlagde av stadskonduktør C.
H. Grosch i 1829; det var tanken aa byggja 3 bygnader paa Kontraskjeret.
Biblioteket skulde taka minst 300,000 band. Men byggje-saki fall i
Stortinget 1830.

Kollegiet fyreslo daa i 1832 aa byggja berre biblioteket, og for det
fyrste berre ein del av huset, til 180,000 band; men Kyrkjedepartementet
sette ikkje eigong framlegget upp paa budgettet.

Men i 1835 tok Kollegiet upp att heile byggjetanken. Det vart utarbeidt
ein reducerd plan av Grosch; av dei 4 husi skulde 3, imillom deim
biblioteket, byggjast paa Kontraskjeret. Stortinget vraka planen i 1836; han skulde
saumfarast av sakkunnige, og dei skulde sjaa seg vel fyre med tufti, um ho
høvde eller ei.

Dei heldt paa og bygde Slottet i dei aari; heile »Vestkanten» og stroket
millom Slottet og byen skulde regulerast. Slotts-arkitekten, H. D. F. Linstow,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:08:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokobibl/1914/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free