- Project Runeberg -  Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen / Årgång I. 1914 /
32

(1914-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Det nye Universitetsbibliotek i Kristiania av Oluf Kolsrud

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

32 OLUF KOLSRUD

kringla; initialarne er kopior etter Gl. Kgl. Saml. 1154 fol. og Codex Frisianus.
Ein dekoration som denne paa ein slik stad er vel väld.

Elles er huset uprydt inne. Vanleg er murveggerne kvite, men i surne
mindre rom (heilt eller delvis) einlita maala med ymse färgar. I
hovud-etagen er murveggerne klædde i mannshøgd med tavla panel av Carolina pine;
panelet er stroke med lasur-fargar, ymse rom med raudt, ymse med grønt,
ymse med gult. Inventaret, som mykje er gjort av same vyrket, hev
natur-legvis samsvarande lit. I den 4-dubble lesesalen er alle bord og stolar av
mahogni. I dei andre rom er noko av det gamle inventaret fraa det fyrre
biblioteket i bruk.

Lesesalen plär eilest vera eit show room i dei store bibliotek; turistarne
kjem daa rennande og skal sjaa, og uroar dei lesande. I lesesalen her er
ikkje noko ekstra dramb og drust aa glo paa; og vil framandfolk skoda inn,
kann dei gjera det gjenom dei store glasrutorne i deri innanfraa
utlaanskon-toret. Det er og tankespreidande for granskaren aa hava for gilde og staselege
vegger fyre syni. Den nye lesesalen i Kristiania er venleg, ljos og fredfull;
dei gjenom-brotne veggerne med djupe portalar inn til side-salarne og høgt
uppe dei halvstore vindaugo (inn mot 6te boketage) og blindarkadarne
minner med sine runde bogar um ein romansk klostergård. Karakteristiske
motiv fraa Mariakyrkja i Bergen er her utnytta paa ein frisk og
verknads-full maate. — Utstellingssalen er heilt ut eit sidestykke til midt-lesesalen i
arkitektonisk utforming.

Forhalli er prydd med Hans Michelsens ovstore marmorbyste av
Ludvig Holberg; i utlaanskontoret stend Olaf Glosimodts marmorbyste av
universitetsbibliotekar F. W. Keyser (1845-63, f 1887), og i lesesalen er J. O.
Middelthuns originale leirdregne gipsbystar av Henrik Wergeland og J. S.
"Welhaven. Alle desse er gamle kjenningar fraa det fyrre biblioteket.

Den dorn er fallen um projektet til hus for det norske UB, at det er
økonomisk, for det gjev so utruleg mykje for pengarne, — det er moderne,
for det er paa høgd med biblioteks-teknikken i vaar tid, — det er
fyresjaa-ande, for det tek tilbørlegt umsyn til framtidi1. Den som studerar planarne,
gjeng igjenom huset, og samtalar med deim som arbeider der, han vil sanna,

H. O. Lange i Stortings-Forhandlinger 1908 II nr. 49, s. 26.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Sep 26 01:40:01 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/bokobibl/1914/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free