- Project Runeberg -  Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen / Årgång XV. 1928 /
48

(1914-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Norsk boksamling grunnlagd av Anton Aure. Ved Sigmund Skard, Olso

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48 SIGMUND SKARD

Samstundes med at sjelve samlingane soleis kom i offentleg varetekt,
vart det sytt for at dei ymse bibliografiske arbeid som knytte seg til deim,
ikkje gjekk i stå. Aures personlege stipendium vart yverfert til len for
sam-lingsstyraren; « Norsk Boksamling» vart dermed ikkje berre eit
spesial-bibliotek, men ein verkeleg arbeidsinstitusjon. Aures ymse tiltak hev då sidan,
med skiftande personale, hälde fram som fyrr; avisregistraturen er förd
vidare, og band 3 av boklista utgjeve (ved Olav Dalgard, Oslo 1926). På
ein sers heppen mate hev i «Norsk Boksamling» fruktene av privatmanns
samlartrott og initiativ kome det offentlege varigt til gode. —

Sjolve biblioteket åt Anton Aure hadde, då han doydde, lege nedpakka
i fleire år for sjukdom skuld. Å gå gjenom desse samlingane med deira
mengder av småprent, etter Aures noko upraktiske katalogiseringsreglar, vart
eit heller plundersamt arbeid; fyrst i år er samlingi gjenomarbeidd etter
«Nynorsk Boklista», nummerert, og uppstelt til bruk i hovudbygnaden i
Universitetsbiblioteket. For fyrste gong, känn ein segja, hev ein dermed
fenge have til å lsera hohsamlaren Aure nasrare å kjenna; derifrå fell det
6g ljos yver andre greiner av arbeidet hans. Lesarane av denne tidskrif ti
vil kjenna mannen og bibliografen Aure frå fyrr, gjenom prof. O. Kolsruds
resensjon av Nynorsk Boklista, 1. (årg. 1917, s. 221—34) og overbibliotekar
W. Munthes minneord (1925, s. 63—66); det vil då kanskje 6g ha interesse
på denne staden å tala noko um sjolve den boksamling han öfra si beste
kraft; det er ikkje det minst forvitnelege kapitlet i soga um norsk bibliofili.

Anton Aures arbeid som boksamlar gjeng attende til tidi kring 1900.
Han fortel sjolv ein stad (Ungdom og bak er. Ei liti rettleiding for
norsk-lynd ungdom som vil faa seg eigi boksamling. Bjergvin 1923, s. 9), at
«daa eg var 16 — 17 aar sette eg meg fyre at eg vilde freista faa samla alle
beker og skrifter som var utkomne paa nynorsk maal. Det kunde sjaa ut
til aa vera ein vitlaus tanke for ein bondegut som ingen ting aatte.» Og
det er visst — Aure hadde vel då liten tanke um kor vanskeleg eit arbeid
han tok på med.

Det spesialet han valde seg hev den fyremunen at grensone er
noko-lunde klåre; men elles er det eit innflekt og ugreidt felt for ein samlar, og
var det enda meir då Aure tok til. Det heng negje saman med dei ytre
vilkår landsmålslitteraturen voks fram under. Nynorske boker hev aldri
kunna rekna på noko stort og fast publikum, allerminst i dei fyrste åri; dei
vart dermed i stor mun tvinga inn på obskure forlag; mykje vart utgjeve
på eigen kostnad, i kommisjon hjå einkvan småbokhandlaren, og utsendt frå

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:12:31 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokobibl/1928/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free