- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
100

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Skuleboksamlingar. Fyredrag ved bibliotekkurset på Solborg 1934, av bibliotekar Jakob Alvsåker, Torvestad

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Lesetimane i skulen er ikkje nok, det må lesast mykje utanum.
Feragen var redaktør for «Den norske folkeskole», og der skreiv
han dette.

Men desse fyrste skuleboksamlingane måtte greida seg berre
med private tilskot, og det var ikkje alltid lett å få. Det kann
ein goidt skyna når ein høyrer at det gjekk ein mannsalder fyrr
talet på skuleboksamlingar var nått yver det fyrste hundrad.

I åttiåri var det nede på Jæren ein lærar som skuleborni
kalla «han Ingebret». Denne Ingebret var ikkje akademikar, ja
ikkje seminarist ein gong. Han hadde borre gjenge i skule hjå
klokkaren i Time. Ingebret Fosse[1] — som han heitte — fekk
skipa skuleboksamling i krinsen sin. Idéen hadde han visstnok
frå redaktøren for «Den norske folkeskole» A. M. Feragen. Han
bad interessera foreldre um tilskot til boksamlingi. Men so
fortalde Torkell Mauland han at ein kunde sanka jonsokblom
(arnica montana) og turka og selja til apoteki. Straks sette
Ingebret Fosse skuleborni igang med blomesanking. Pengane dei
fekk for blomane gjekk til skuleboksamlingi. Det kann kanskje
vera verdt å nemna — sidan me er i Rogaland — at ein av
skulegutane som plukka blomar til boksamlingi heitte Peter
Hognestad. Han gjev Ingebret den attest at han var den læraren
han minnest best av alle dei han hadde havt.

Det som gjer at eg nemner Ingebret Fosse er at han so å
segja er far for statstilskotet til skuleboksamlingane. Ein av
Feragens elevar, Nikolai Lima, var lærar på amtsskulen for
Jæren og Dalane på den tid Ingebret streva med boksamlingi si.
Ein dag sa Ingebret Fosse til Lima: «Når du kjem på Stortinget,
må du syta for å få pengar til skuleboksamlingar.» Lima kom
på Stortinget, men det var fleire år etter at Ingebret Fosse var
død. Men han hugsa ordi hans, og i 1891 kom han med framlegg
um å løyva 5 000 kr. i statstilskot til skuleboksamlingar.
Kyrkjekomiteen tok velviljugt imot framlegget, men for å syna sin
økonomiske sans — som bibliotekar Arnesen segjer[2] — sette dei
det med eingong ned til 4 000 kr. I budgettåret 1933—34 var
statstilskotet 20 000 kr., og for 1934—35 er løyvt 30 000 kr.


[1]
F. F. B. 1909 s. 84.
[2]
Håndbok i norsk barnebibliotekarbeide s. 4.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free