- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
104

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Skuleboksamlingar. Fyredrag ved bibliotekkurset på Solborg 1934, av bibliotekar Jakob Alvsåker, Torvestad

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Svendsen. Årgangar av barneblad syner seg og å vera
kjærkomen og lærerik lesnad. Elles bør ein ha større lærebøker enn
dei ein brukar i skulen. Og hev ein t. d. berre Noregssoga i skulen,
bør ein ha lærebøker i heimssoga i skuleboksamlingi. Av
diktlitterære bøker er det mange, og eg kann berre visa til
katalogane fra Kyrkjedepartementet. Sume born likar speidarbøker,
andre indianarbøker, atter andre eventyrbøker — som elles vert
rekna for fagbøker. Der er både gute- og gjentebøker, men born
på landsbygdi skil elles lite millom dei.

Det vilde vore ei stor vinning um ein alt i barneskulen lærde
borni til å lesa svensk og dansk. Men det syner seg å vera få
som greider det. For ikkje so lenge sidan er det skipa eit «Byrå
for brevveksling mellem Nordens skoleelever». Det er den
danske bibliotekkonsulenten Jørgen Banke som hev skipa det. Dette
byrået hev til uppgåva å læra borni i Norderlandi å skyna målet
til kvarandre.

Når ein skal skipa skuleboksamling, må ein fyrst få tilveges
ein pengesum som vert kalla stadleg tilskot. Dette tilskotet kann
ein få på mange måtar: til dømes ved heradsløyving, basar,
joletrefestar, innsamling i krinsen. Når ein hev fenge til vegar
det stadlege tilskotet, sender ein inn søknad um statstilskot.
Ein kann søkja um tilsvarande sum i statstilskot som ein hev i
stadleg tilskot.

Det er ei gamal, god råd at ein skal ikkje selja skinnet fyrr
ein hev skote bjørnen, og ein skal heller ikkje kjøpa bøker for
statstilskotet fyrr ein hev fenge det. Men då skal ein og
kjøpa. Bibliotekkontoret hev nett kunngjort ei nyordning med
dette. Dei vil heretter ta attende statstilskotet dersom det ikkje
vert kjøpt bøker for det innan utgangen av det budgettåret det
er gjeve for.

Styre for den einskilde boksamling er ein av lærarane ved
skulen og krinsformannen. Læraren er samstundes bibliotekar
og fører rekneskapen. Men i kvart herad skal det vera eit
samstyre for alle skuleboksamlingane i heradet. I samstyret er 3
medlemer: Skulestyreformannen, 1 vald av lærarane og 1 vald
av skulestyret. Kvar boksamling sender årsmelding og søknad
um statstilskot, boktingingslista, til samstyret som hev på seg


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free