- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
106

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - En norsk biblioteklov. Regjeringen fremsetter proposisjon

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


§ 3.

Dersom vedkomande departement tykkjer at ei kommunal
folkeboksamling ikkje verkar som ho skal, kann det fastsetja at tilskotet i staden skal
gå til ei onnor boksamling i kommunen, når ho elles stettar kravi i denne
lovi og når eit Iag som hev drift av boksamlingi til hovudfyremål eig henne.
Det same gjeld dersom det ikkje finst nokor kommunal folkeboksamling.

§ 4.

Til vanleg vert det gjeve tilskot berre til ei folkeboksamling i kvar
kommune. Hev kommunen fleire boksamlingar som vilde havt rett til tilskot
etter denne lovi, avgjer vedkomande departement kva boksamling det er
som skal få tilskotet.

Departementet kann og fastsetja at fleire boksamlingar i ein kommune
skal få tilskot.

§ 5.

Det årlege tilskotet til boksamlingane vert rekna ut etter desse reglane:

Minste tilskotet er kr. 50.

Hev boksamlingi stadleg tilskot gjev staten eit like stort tilskot, når det
stadlege tilskotet ikkje er over kr. 500. Er det over kr. 500, gjev staten
tilskot etter ein minkande skala i høve til det stadlege tilskotet, likevel
minst kr. 500. Skalaen vert fastsett av vedkomande departement.

Høgste tilskotet er kr. 3 000.

§ 6.

Dersom den løyvingi som Stortinget gjev rekk til, kann vedkomande
departement gjeva større tilskot enn fastsett i § 5.

Er den løyvingi som Stortinget gjev for liti til at det kann gjevast
tilskot fullt ut etter reglane i § 5, vert tilskoti til dei einskilde boksamlingane
etter nærmare avgjerd av departementet minka so mykje det trengst.

§ 7.

Til folkeboksamlingar som hev handboksamling (boksamling på
leseromet), i kommunar med under 10 000 innbyggjarar kann departementet gjeva
tilleggstilskot med upptil 1/4 av det stadlege tilskotet, likevel ikkje over
kr. 500 til ei einskild boksamling.

Til folkeboksamlingar som er so godt skipa og styrde at dei kann tena
som mønsterboksamlingar, eller som driv studieringar eller onnor
upplysningsverksemd i samband med boksamlingi, kann departementet sameleis
gjeva tilleggstilskot.

Til ei folkeboksamling i kvart fylke som tener som sentralbibliotek (ei
boksamling med verkeumråde utover ein kommune) kann departementet
gjeva upptil kr. 5 000 i tilleggstilskot. Departementet fastset vilkåri for at
ei boksamling kann godkjennast som sentralbibliotek og fastset
verkeumrådet for det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free