- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
236

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Noregs Ungdomslag slær eit slag for folkeupplysningi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 236 —

Noregs Ungdomslag

slær eit slag for folkeupplysningi.

På årsmøtet i Sarpsborg sist i juni månad tok Noregs
Ungdomslag upp spursmålet um kva som kann gjerast for å hjelpa
fram folkeupplysningsarbeidet her i landet. Etter framlegg av
lærar Peder Skånland fra Tromsø vart det lagt fram eit
«upplysningsprogram» i tri hovudpunktar, og det siste av desse
galdt folkeboksamlingar, studieringar og fyrelesingslag. Denne
bolken lyder soleis:

«1. Auka løyvingar til folkeboksamlingar og studieringar.

2. Årvisse løyvingar av staten til fyrelesningslaga.

3. Utbygging av bibliotekkontoret i Kyrkjedepartementet til
eit kontor for alle greiner av det frie
folkeupplysningsarbeidet.»

Hr. Skånland heldt eit framifrå innleidingsfyredrag og så m. a.:

«I røynda er det smått stell med folkeupplysninga i Noreg.
Eller rettare: Det har vorte slik i det siste. Styresmaktene har
skore ned alle løyvingar slik at det har vorte vanskeleg no for
den ungdomen som berre har ifolkeskulen og ikkje skäl gå andre
skular å få den kunnskap og upplysning han treng. Og dette
gjer atter, at interessa minkar so ungdomen held på å siga ned i
likesæle att. Kveldskulane på bygdene er snart burte.
Land-mannsskulane held på å avvikla. Fyrelesingssalane ligg nede
og folkeboksamlingane er ikkje iStørre tess meir. Ait dette er å
ta ifrå dei mange tusen ungdomar fra folkeskulen det vesle dei
har til å sette seg åndeleg i stånd til å greida livskampen.
Noregs Ungdomslag må protestera her og reisa ein opinion so
Stortinget snur og gjev ungdomen att det som er t eke ifrå han.
I 1936 er det valår. Vi må få reist saka so tidleg. Vi ser kor
dei ymse parti står. Det vi har minst råd til av ait er å låta
ungdomen vår siga nedatt i åndsmyrkret, for det vil skapa ogso
ein permanent materiell fatigdom.»

Um kva verd det ligg i å ha skuleboksamlingar sa hr. Skånland
i fyredraget sitt:

«Korleis skäl so skulen kunne gjeve smak på god lesnad og
vekke trongen til gode böker? Tusenvis av barn som aldri har

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0250.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free