- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
297

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Det daglege arbeidet i dei små folkeboksamlingane. Av bibliotekar Jakob Alvsåker

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

50 bind og senda rundt til dei ymse stader. So små som desse
bokkassane vert må ein skifta dei fleire gonger um året. Ei
folkeboksamling skal liksom folkeskulen tena alle i bygdi. Difor
burde det og vera ein sjølvsagd ting at det var folkeboksamlingar
i alle bygder.

        *

Ordskifte.

Møteleidaren takka for det framifrå gilde foredraget og gav so ordet
til dei som vilde vera med og samtala um emnet.

Frøken Grårud, Bibliotekkontoret, tala um handsaming av bøkene
og yverdagspengar. Boksamlingi eig alle, og ein må då finne seg i å betala
når ein har bøkene for lenge og på den måten hindrar andre i å lesa dei.

Standal, Sandar, fortalte at biblioteket fekk 2 eksemplarer av bladi
på staden. Det eine vert gøymd og innbunde, det andre lagd ut i
leseromet. Han nemnde at elevane både frå millomskulen og handelsskulen
vende seg til biblioteket for å få råd og rettleiding. Biblioteket bør ta
vare på bokmeldingane.

Barstad, Volda, nemnde at boksamlinga i Volda var frå 1830. Dei
var no komne godt i veg og hadde 20 tidsskrifter og handbøker av alle
slag. Folk veit so lite kva eit tidsskrift er, so her har biblioteket ei
stor upgåve.

Fru Løtveit, Nestun, meinte at interessa hadde auka munaleg.
Biblioteket må nok skaffa det folk vil ha, men og prøva få dei til å lesa
verkeleg gode bøker. Ho spurde um ein bibliotekar hadde rett til å
halda unda bøker for andre.

Fjeldstad, Bærum, tykte denne seksjonen tok bra iveg og hadde
samla mange gjeve menn. Han tok fram spursmålet um tilhøvet millom
fagbøker og skjønnlitteratur og minte um den veldige utvikling
vedkomande fagbøkene.

Frøken Giæver, Bibliotekkontoret, meinte ein kunde ordna seg soleis
med serleg aktuelle bøker at ein kjøpte fleire eksemplarer og tok t. d.
10 øre i yverdagsbetaling.

Konsulent Kildal hadde fått inntrykk av at det var på sin plass med
denne seksjonen. Han bad styra freista få ytingane på dei ymse stader
op då det vilde føra til auka statstilskot. Departementet vil alltid gjera
sitt beste.

Fjeldstad takka konsulenten for det gjeve arbeidet han hadde
gjort. Asphaug, Sandefjord, la til at han som ordstyrar vilde takka
konsulenten hjarteleg for hans veldige arbeid, og han tok samstundes med
frøknane Grårud og Giæver ved Bibliotekkontoret og takka for godt
samarbeid med dei ymse folkeboksamlingar.

Berge, Sandnes, meinte ein kunde halda av bøker. Bøkene ser ein
gjenom både når dei kjem inn og ved utlån. På den måten set ein litt


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0311.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free