- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
349

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Ungdomslaga og boksamlingane

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 349 —

Ungdomslaga og boksamlingane.

Av tilsynslærar Peder Skdnland, Tromsø.

Månge av dei frilyndte ungdomslag såg det som ei av sine
første opgaver å skaffe laget boksamling. So viktig heldt dei
dette å vere når det ikkje var boksamling før på staden. Og så
heilt fall dette saman med programmet åt desse laga.

Ungdomen både k jente og visste at han trong bøker når han
vilde skaffe seg kunnskap. Det var ikkje berre skjønnlitteratur
som fekk plass i desse boksamlingane. Der var ikkje få bøker
som høyrer heime mellom faglitteraturen. Ungdomen vilde ha
greie på aktuelle spørsmål — både i tida som var og i tider
som hadde vore.

Fleire av dei kristelege ungdomsforeninger har og skaffa seg
eigne boksamlingar, og det same arbeid er teke op av
arbeidar-ungdomslaga.

I det heile veit all tenksam ungdom at vil ein fylgje med —
som det heiter — vil ein vere vel o r i e n t e r t, enten det
gjeld dei ålmenne straumdrag i tida eller det gjeld dei saker
ein serskilt interesserer seg for, so må ein lese — og 1 e s e
bøker.

At det er mykje ungdom som både veit og vil dette, har vi
eit godt prov for i studiearbeidet, som aukar på år for år. Og
i Samnemnda for studiearbeid har vi eit sterkt uttrykk for den
säms viljen i dei ymse samskipnader til å nå det beste resultat.

Men lenge før det var tale om studieringar, hadde vi månge
lagsboksamlingar. Og rike velstyrte boksamlingar blir ikkje
uturvande om talet på studieringar veks aldri so mykje. Tvert
imot. Dei trengst då enda meir.

Derfor melder seg no sporsmålet om lagsboksamlingane vil
kunne makte opgåva: å skaffe nok med verdfull og aktuell
les-nad til lagsflokken.

Røynsla både fra dei frilyndte ungdomslaga og fra andre
samskipnader har isynt at ein til dette spörsmålet må svåre nei.
Tar vi ein heil landssamskipnad under eitt, so er det nok ein
auke fra år til år i samla tal av bøker. Men det årlege nykjøpet
er ait for lite til at ein kan segje at dei løyser opgåva.

Förutan at desse lagsboksamlingane oftast blir etter maten

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0363.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free