- Project Runeberg -  Bok og Bibliotek / Bind II - 1935 /
354

(1934-1935)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Biblioteksundervisningen på lærerskolene

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Ein gjeng og gjenom reglane for å skipa og driva
folkeboksamlingar.

Denne teoretiske upplæringi gjev ein i 1. og 2.
skuleåret, og ein nyttar minst i alt 20 timar til ho.

2. Praktiske øvingar:

I 3. og 4. klasse nyttar ein 20 timar um året til praktiske
øvingar i kvar klasse. Kvart parti i øvingskulen fær då 5
timar um året, og desse timane vert rekna likt med andre
undervisningstimar. Elevane er elles skiftevis hjelparar i
boksamlingi og leseromet på lærarskulen. Under tilsyn frå
bibliotekaren greider dei utlån, skriv katalogkort for nye
bøker og held biblioteket i det heile i orden. Fyresetnaden
er at boksamlingi på lærarskulen er skipa på same måten
som ei større tidhøveleg folkeboksamling, når det gjeld
korleis bøkene er sette upp, utlånssystem, katalogar o. a.»

Som ein vil sjå av ovanståande so er undervisningsplanen
både greid og god, og alle lærarskulane fylgjer han. Ein meiner
difor at upplæringi i bokstell gjev lærarskulelevane både
praktisk og teoretisk øving nok til å kunne greida med boksamlingar
når dei tek til som lærarar.

Undervisningsplanen for lærarskulane er no under revisjon.
Um det vert noko nemnande brigde i planen um bibliotekstell,
kann ein ikkje segja noko um enno.»

B. o. B. har også henvendt sig til de enkelte lærerskoler og
spurt hvilke erfaringer de har med hensyn til undervisningen i
bibliotekstell. — Vi hitsetter en del av de innløpte svar.

Rektor ved Tromsø off. lærarskule, Tryggve Dokk, meddeler:

«Her ved Tromsø Lærarskule har vi fylgt planen for
undervisning i bibliotekstell. I dei to fyrste skuleåra er det nytta
umlag 20 timar til den teoretiske gjenomgåing av læretifanget.
I dei to siste åra har kvar elev fått praktisera som medhjelp
for bibliotekaren i 4 til 6 timar. Bibliotekaren meiner at
timetalet er noko snautt, og såg helst at klassen fekk 24 timar sams
undervisning og 16 timar praktisk øving. Eg meiner ein slik
skipnad vilde vera eit framsteg, dersom det var råd å setja han
i verk. Men som det no er, vert arbeidsdagen sprengd for eleven.
Skuleplanen har ikkje teke det rette umsyn til dei hygieniske

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:15:17 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bokogbib/1935/0368.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free